Sogndal: – I stortingsproposisjonen som no vert handsama er krava frå fylkestinget knapt nemnt. Heller ikkje meir makt til dei nye regionane eller vesentleg fleire oppgåver og funksjonar, seier Vibeke Johnsen, stortingskandidat for SV, i ei pressemelding.
Les også: Ho er misnøgd med oppgåvene han vil tildela regionane
Tysdag kom det fram at Ap av same årsak vurderer å stemme imot ei samanslåing av dei to fylka.
– Om dette held fram ser ikkje Sogn og Fjordane Arbeidarparti det lenger som ei frivillig samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, og vi vil stemme imot ei samanslåing, står det i innstillinga til representantskapsmøtet i Arbeidarpartiet 6. juni.
Johnsen utfordrar Ap og Sp i fylket til å gje full støtte til partia på Stortinget til å seie nei til samanslåinga.
– Både Ap og Sp røysta for samanslåinga i fylkestinget og lyt no nytte høvet til å snu, seier Johnsen i pressemeldinga.
– Såleis burde fylkestinget vorte kalla inn for å vurdere saka på nytt før handsaminga i Stortinget, blir fylkesleiaren i SV sitert på vidare.