Utfordringar og potensiale på bustadsfronten i Lærdal

Utfordringar og potensiale på bustadsfronten i Lærdal

Lærdal kommune er sårbar når det gjeld bustadstilbodet. Likevel er det mykje potensiale der framover, fortel ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Denne helga vert Kom Heimatt arrangert for 11. gong i Lærdal, og første post på programmet var fagdag og foredrag i Kulturhuset torsdag kveld. Temaet i år var bustadstilbodet i Lærdal og korleis dette kan betrast i framtida – eit viktig ledd i å få folk til å flytte tilbake til kommunen.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, var ein av dei som tok ordet under torsdagens arrangement. Saman med Alf Magne Hjellum, sjef for teknisk avdeling i kommunen, informerte han om dagens bustadsituasjon i Lærdal, planar for framtida, samt kvar folk kan finne informasjon om tomter og bustadar i kommunen.

Sårbare

Per dags dato er Lærdal sårbar på bustadsfronten. Sjølv om det er ledige bustadar og tomter over stort sett heile kommunen er det ikkje mange av dei, seier Solheim.

– Me må vere offensive, ligge i forkant og sørge for å betre bustadstilbodet. Me ynskjer å ta del i den veksten som skjer i Noreg framover, og da må me leggje tilrette for at folk skal kunne komme hit, påpeikar han.

Med auka press på bustadsmarknaden er det ekstra viktig å betre tilbodet så raskt som råd.

– Me ser at om eit hus vert lagt ut for sal til rett pris, så går det med ein gong. Det er auka interesse for å bu i gamle Lærdalsøyri, i alle fall for å eige bygg der. Og så ser me at når me satsar og lagar nye arbeidsplassar, som me har sett framgang på i det siste, så er det bustadmangel som gjer at folk ikkje vel å flytte hit, sjølv om dei får jobb.

Alf Magne Hjellum frå kommunen informerte om bustadsituasjonen og planane framover i Lærdal.
Alf Magne Hjellum frå kommunen informerte om bustadsituasjonen og planane framover i Lærdal.

Solheim legg til at det er ein stabil og god arbeidsmarknad og god flyt av folk mellom nabokommunane Årdal, Aurland og Sogndal. Han påpeikar at med eit felles arbeidsmarknad er det viktig for kommunen å verte attraktiv å bu i.

Stort potensiale

Ordføraren peikar på Lærdal sentrum som ein av dei plassane der det har stagnert. Det er ledige tomter i sentrumsområdet, men samstundes er det svært få ledige hus, og grunnane til det sviktande tilbodet er samansett:

– Me hadde lenge eit byggjeforbod i Lærdal sentrum fordi me ikkje hadde oppretta eit flomsonekart. Så kom brannen i fjor. Det er mange ting som har gjort situasjonen ekstra vanskeleg, seier han.

No er flomsonekartet på plass, og dermed er det frigjort ein del tomter og areal – noko som skapar potensiale for utbygging og vekst.

I tillegg har kommunen ein del tomter, hus og bygg som dei ynskjer å selje, fortel ordføraren.

– Det var usemje i kommunestyremøtet før sommaren, men det har eg tru på at me skal klare å løyse. Lukkast me vert desse òg lagt ut for sal, forhåpentlegvis utpå hausten ein gong.

Vidare har kommunen ledige tomter blant anna i Ljøsne, der Solheim ser eit stort potensiale for vidareutvikling. Han rosar klimaet i området, og håpar det kan skapast moglegheitar for byggjing av til dømes leilegheiter og bufellesskap der.

Til slutt peikar ordføraren på ferske byggjeprosjekt i Lærdal. Einemomarki AS, som står for utbyggjinga på Einemomarki, og Fretland Bygg, som har eit spennande prosjekt på gang i Mari-Jacobs veg samt ei byggjeklar tomt i Grimsgjerde bustadfelt, var begge tilstades under fagdagen torsdag.

Solheim oppmodar dei som er på jakt etter bustad å hive seg på desse prosjekta snarast.

Informasjonskanalar tilgjengeleg

For dei som ynskjer å vite meir om tomter og bustadar i Lærdal er nettsida 1422.no første stoppestad.

Sida tilbyr ei oppdatert oversikt over kva som er tilgjengeleg av tomte- og bygningsareal i kommunen, og er samstundes ein kanal der folk kan leggje ut eigendommar dei ynskjer å selje eller leige ut.

I tillegg oppmodar Solheim folk til å ta turen innom Rådhuset for ein prat.

– Me er svært glade i få få besøk! Om folk har spørsmål må dei berre komme direkte opp til oss i andre og tredje etasje, så gjer me kva me kan for å hjelpe kvar enkelt.

Til toppen