BRANN NED: Eit uthus brann ned til grunnen på Kaupanger i Sogndal torsdag kveld. Foto: Mapbox.
BRANN NED: Eit uthus brann ned til grunnen på Kaupanger i Sogndal torsdag kveld. Foto: Mapbox.

Uthus brann ned på Kaupangar

Eit uthus brann ned til grunnen på Kaupanger, men ingen kom til skade.

Kaupanger: Politiet i Sogn og Fjordane fekk melding om brannen seint torsdag kveld. 

Naudetatane rykka ut til brannen i uthuset. Her fekk dei raskt kontroll på brannen og deretter sløkt han.

Kort tid etter at dei kom til staden kunne dei slå fast at det ikkje var fare for spreiing til andre hus. Heller ingen personar kom til skade.

Til toppen