Jostedalen: – Me hadde for få plassar i barnehagen og har nettopp bygd ut for 4,2 millionar, seier Anne Kristin Halveg, assisterande rektorstyrar i barnehagen ved Jostedal Oppvekstsenter.
Kommunestyret vedtok ei utviding av Jostedal oppvekstsenter avdeling barnehage i 2016. Arbeidet starta i mars 2017 og stod ferdig til opning 15. august same år.
- Les òg: Han er miljøagent i barnehagen.
Har hatt venteliste

– Dei fann fort ut at den gamle barnehagen ikkje oppfylte dagens krav så kommunen valde å rusta opp alt så det stod i stil med den nye delen, seier Halveg.
No har barnehagen plass til 24 ungar i staden for 18.
– Det var det absolutt behov for. Dette barnehageåret har det vore fullt med venteliste, men frå hausten har me plass til alle som har søkt.
– Jostedalen er ei tiltrekkande bygd i vekst
Ho har trua på at ei bygd i vekst med gode forhold og mange tilbod er grunnen til at fleire flyttar til Jostedalen og buset seg.
– Det er mange unge som flyttar attende hit når dei er ferdige å studera. Eg trur dei har tilknytning til bygda frå dei var små og positive opplevingar frå ein barndom i Jostedalen. I tillegg er det mykje å sjå og gjere for folk i bygda.

Ho nevner trim, naturopplevingar, korps, og sosiale kveldar som nokre av døma.
Karine Blikra er fødd i Jostedalen, utdanna barnehagelærar, og tilsett i barnehagen ho sjølv gjekk i som lita.
– Me er veldig heimekjære me som bur her, og så er det sosialt. Me har fredagsope hotell og folk er flinke å møta opp. Eg studerte i Bergen men kom attende til Jostedalen nokre år seinare og trivest med det, seier ho.
Nøgd med nye rom
Den gamle barnehagen var utdatert, og trengde eit sårt etterlengta løft.

– Gongen var så liten at foreldre stod i kø når dei henta ungane sine. No har me ulike rom til ulike aktivitetar, vognrom, godt ventilasjonsanlegg og ruter i alle dører så me ser inn til ungane, seier ei nøgd Halveg.
Byggeprosessen blei lærerik for borna
Medan den gamle barnehagen blei oppussa heldt ungane og dei vaksne til i samfunnshuset kloss i barnehagen.
– Då gjorde me byggeprosessen om til eit pedagogisk opplegg. Ungane tykte det var så kjekt å sjå på lastebilane, gravemaskiner og arbeidsfolka. Dei lærde nye ord og fekk koma tett på dei som jobba og spurde dei om ting relatert til yrket deira, fortel Halveg.

Å opphalda seg i ein gymsal i fem månader gjekk overraskande lett for både små og store.
– Det blei litt ekstra både for foreldre og personale men alle var alltid positive. Me visste at me gjekk til noko godt. No satsar me på at utviklinga med mange ungar i dalen held fram, seier ho.