OPPLEVINGAR: I Årdal vil eit trettitals journalistar få oppleva naturen på nært hald gjennom ulike aktivitetar.
OPPLEVINGAR: I Årdal vil eit trettitals journalistar få oppleva naturen på nært hald gjennom ulike aktivitetar. (Foto: Pressefoto)

Utladalen i rampelyset når internasjonal presse kjem til Årdal

– Me ønskjer å visa fram Årdal som ein plass for aktivitetar i naturen, seier Torunn Todal Laberg.

Årdal: Denne veka kjem ein hær av journalistar frå heile verda for å oppleva Utladalen. Reportasjane dei tek med seg heim kan vera gull verdt for reiselivet i Årdal.

– Viss me skulle kjøpt reklamen som desse reportasjane representerer i marknadsverdi, så hadde me ikkje hatt råd til det, seier Torunn Todal Laberg, marknadssjef i Vettisriket, styreleiar i Utladalen Naturhus og aktivitetsleiar i Bulder & Brak Opplevingar.

TRIO PLUSS ÈIN: Karl Seglem Trio får med seg Berit Opheim på konserten i naturhuset. Foto: Pressefoto

Rolling Stone til Utladalen

Ho fortel at det for det meste er musikkjournalistar som kjem. Dei er inviterte til Årdal av Førdefestivalen. Kvart år, i forkant av festivalen, arrangerer dei nemleg ein slik pressetur. 

I år fell valet på Utladalen, og store aktørar som musikkbladet Rolling Stone og BBC er på deltakarlista.

– Det er sjølvsagt stas. Me vil legga oss i selen, og ønskjer å gje dei gode opplevingar, slik me gjer med alle gjestene våre, seier Todal Laberg.

Tysdag kjem journalistane til Svalheim gard, der dei får servert middag. Onsdag kan dei melda seg på ulike aktivitetar som kajakk, vandring og ølsmaking. Midt på dagen er det konsert, før dei vandrar til Vetti Gard for ein festmiddag og ny overnatting. Torsdag er det avreise til Førdefestivalen, sjølvsagt via Tindevegen.

– Me ønskjer å visa fram Årdal som ein plass for aktivitetar i naturen, seier Torunn Todal Laberg.

Inviterer til gratiskonsert

Ho seier presseturen kom i stand mykje takka vera jazzmusikar Karl Seglem, som har samarbeidd med Førdefestivalen i årevis.

– Han har vore med på ein del slike turar tidlegare, og har hatt ein draum om å få dei hit til Utladalen. Eg og han hadde møte med Førdefestivalen i vinter, då fann me ut at dette kan me klara å få til, seier Todal Laberg.

Onsdag inviterer Førdefestivalen innbyggjarane i Årdal til konsert med Karl Seglem Trio og Berit Opheim i Utladalen Naturhus. Inngangen er gratis, så lenge det er plass.

– Festivalen ønskjer å gje noko tilbake til lokalsamfunnet som har gitt dei lov til å koma hit med denne banden med folk. Det gjer dei ved å laga til denne konserten, seier Todal Laberg.

Til toppen