STERK INNSATS: August da Silva Sveen presterte årsbeste då han tok seg til andreplass i b-finalen på sprinten under KM i helga. Klubbkamerat Gard Reppen Vigdal tok gullet i øvinga og ein sterk bronse i klassisk.
STERK INNSATS: August da Silva Sveen presterte årsbeste då han tok seg til andreplass i b-finalen på sprinten under KM i helga. Klubbkamerat Gard Reppen Vigdal tok gullet i øvinga og ein sterk bronse i klassisk. (Foto: Privat)

Utøvarar frå Årdal gjorde det skarpt på KM

Gull, bronse og b-finale er fasiten for dei to hardtsatsande talenta til IL Jotun.

Årdal: I helga vart det arrangert KM på ski på Eid. Skigruppa til IL Jotun stilte med to utøvarar, som begge gjorde sine saker bra. Gard Reppen Vigdal tok KM-tittelen i skicross i G15-klassen på laurdagen og bronse på klassisk søndag. August da Silva Sveen presterte årsbeste med andreplass i B-finalen i skicross på laurdag.

– Det var veldig bra innsats, dei tok ut alt av krefter. Det viktigaste er at utøvarane òg var nøgde med innsatsen, spesielt laurdagen, seier trenar Tor Erik Sveen.

Traff ikkje heilt med smøringa

Søndagen var det kraftig snøvêr og varierande temperatur i løypa, noko som gjorde det vanskeleg å smøra. Sveen trur det gjorde til at det ikkje vart enno meir edelt metall for Reppen Vigdal på klassiskdistansen.

KM-MEISTER: Gard Reppen Vigdal på toppen av pallen etter skicrossen.

– Han hadde alle føresetnader for å bli KM-meistar, men truleg var det eit par løparar som hadde betre ski. Så då låg smøresjefen i Jotun tynt an, og det var far hans. Men nokre gangar er det vanskeleg å treffa, seier Sveen.

– Men det er ei god plassering. Herregud, legg han til.

Motiverte utøvarar og ivrige foreldre

Dei skulle eigentlege vera tre deltakarar, men på grunn av vegstenging og dårlege vêrmeldingar blei den eine heime. Likevel kunne dei reisa heim med gode resultat i skibagen, for ikkje å snakka om ein sjeldan KM-gull. Det er ikkje verst for ein liten klubb.

– Det er ikkje så veldig ofte me har KM-meistrar, me har vel ikkje hatt det på ein del år no. Men det er ikkje gitt at dei største klubbane nødvendigvis skal ha dei beste utøvarane. Det er meir avhengig av dei som står på skia, enn på klubben, seier Sveen.

Han har denne forklaringa på kvifor dei unge utøvarane deira gjer det så godt.

– Det er motivasjon hos utøvarane, og foreldre som er ivrige og hjelper til. Ein sport som langrenn krev mykje av foreldre òg, seier han.

Til toppen