PREMIERE: Farnes ungdomslag sin farse UTROligHET gav publikum ein god latter. Foto: Kaja Nygård 
PREMIERE: Farnes ungdomslag sin farse UTROligHET gav publikum ein god latter. Foto: Kaja Nygård 

UTROligHET opna latterdøra

Torsdag hadde Farnes Ungdomslag premiere på teaterstykket UTROligHET. Latteren sat laust hjå publikum.

Årdal: Etter fire år er Farnes Ungdomslag endeleg attende, denne gongen med stykket UTROligHET. Då hadde dei prøvd seg fram med to ulike stykker, men landa på den humoristiske farsen om sidesprang med forviklingar.

Dei starta med leseprøvar i november og kunne tidleg i år slå fast, at den store premierekvelden skulle vere 7 april.

Publikum svikta ikkje. Torsdag kveld var det full sal i Årdal kulturhus, og frå første minutt klarte skodespelarane å opna latterdøra hjå publikum. Stykket skal også visast fredag og laurdag, så det er duka for ei humoristisk helg i Årdal.

UTROligHET

UTROligHET er ein farse full av forviklingar. Historia går føre seg i huset til Lise og Bertil, spela av Merete Hjelle og Henry Gram. Anne Grete Søfting spelar den arbeidslause og single leigebuaren deira Gerd.

Hanne Britt Eldegard har rolla som Marit, søster til Lise. I rolla som hennar kjærast Fredrik, finn me Henry Walaker. Johnny er arbeidskameraten til Fredrik, ein fyr som er veldig glad i damer. Jan Øren spelar den dameglade Johnny og forviklingane er i gang.

Artikkelen held fram under biletet

VETERANAR: Merete Hjelle og Anne Grethe Søfting er drevne skodespelarar.
VETERANAR: Merete Hjelle og Anne Grethe Søfting er drevne skodespelarar.

Dei seks skodespelarane fyller rollene særs godt, der veteranane Anne Grethe og Merete, med sin gode erfaring, dannar grunnmuren i stykket. Dei fire nye skodespelarane verkar trygge og gode i rollane sine, og saman gjev dei publikum ein latterfull og god kveld.

Bjørn Årebru er hovudansvarleg for framsyninga, og kan stolt sjå tilbake på ei vellukka premiere. 

Nøgd publikum

Med smil om munnen kunne publikum gå heim, etter å ha fått trimma magemusklane sine i nesten 2 timar.

Synne Lerum Fredheim var ein av dei som kosa seg på premierekvelden.

- Dette var moro, eg lo kjempe mykje. Skodespelarane synes eg var utruleg flinke.

Hanne Britt avslutta kvelden med å takke publikum for ein kjekk og morosam kveld.

TEATERGRUPPA: Skodespelarane fekk ståande applaus etter framsyninga i Årdal kulturhus.
TEATERGRUPPA: Skodespelarane fekk ståande applaus etter framsyninga i Årdal kulturhus.
Til toppen