SINGELEN HAR MOGNA LENGE: Songen som Frida Hunshammer no har gjeve ut på singel er eit resultat av arbeid som går meir enn to år tilbake i tid. Songen har utvikla seg mykje sidan ho spela han inn fyrste gongen i 2015.
SINGELEN HAR MOGNA LENGE: Songen som Frida Hunshammer no har gjeve ut på singel er eit resultat av arbeid som går meir enn to år tilbake i tid. Songen har utvikla seg mykje sidan ho spela han inn fyrste gongen i 2015.

– Utruleg glad for at eg endeleg har gjeve ut min første singel

I 2015 byrja Frida Hunshammer å laga ei låt saman med søskenbarnet sitt, Erlend Hunshammer Moen. Fredag slapp ho denne låta som sin første singel.

Årdal: Frida Hunshammer (19) går for tida på årsstudium i musikk på Hamar, og ho er blant anna kjent frå TV 2-programmet The Voice som ho var med på i fjor. Fredag slapp ho sin første singel, som har namnet Lovesick.

– Eg starta å laga denne låta saman med søskenbarnet mitt Erlend Hunshammer Moen. Produsenten min Alf Magne Hillestad syntest låta var så kul og ville dermed prøva å gjera noko med den. Derfor byrja me å spela den inn i studio for om lag eit halvt år sidan. Der fekk me blant anna med oss keyboardisten i TV-programmet Stjernekamp, Erik Sortdal, og gitaristen i bandet mitt, Andreas Aannevik, seier Hunshammer.

Ho og søskenbarnet byrja på låta i 2015, og sidan den gong har låta gått gjennom store endringar. No tykkjer ho det er godt å lata publikum få høyra resultatet av prosessen.

– Eg har venta lenge på å få ut ei låt, og er så utruleg glad for at eg endeleg har fått min første singel. Eg synast dette er kjempe artig, seier ho.

Ynskjer å komme med fleire låtar

Ho seier sangen handlar om å vera lei av å ikkje bli elska tilbake. Responsen frå folk som har høyrt han har vore god, og at Hunshammar tykkjer det er koseleg at folk likar det ho har laga.

– Eg prøver å ikkje ha for høge forventningar sidan det er min første singel og bransjen er tøff, men så langt er eg godt nøgd med responsen eg har fått, seier ho.

Hunshammer er allereie byrja å jobba med fleire låtar, som ho ynskjer å få gjort noko med.

– Eg er også blitt spurt om å vera med på nokre låtar som eg ikkje har produsert sjølv, noko som eg synst er veldig artig. Men det er ikkje avklart når desse låtane kjem ut enda.

Satsar på Jordeplerock

I sommar skal ho, saman med bandet sitt, opptre på musikkfestivalen Jordeplerock i Lærdal. Dette blir hennar første store konsert med eigne låtar.

– Eg skal spele saman med Andreas Aannevik på gitar, Lasse Aannevik på trommer, Morten Hestetun Flugheim på tangentar og Christian Alexander Espeseth på synthbass. Me skal spela eit sett med eigne låtar, der blant anna min nye singel skal vere med.

Ho gler seg, og håpar dei frammøtte vil lika det dei får høyra.

– Dette blir veldig spanande. Mitt fokus for tida går mykje til Jordeplerock for å gjer det best mogleg der, seier Hunshammer.

Til toppen