BESØK: Ungdomsbedrifta Alt mulig-messe får besøk av ordførarane i Sogn regionråd. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BESØK: Ungdomsbedrifta Alt mulig-messe får besøk av ordførarane i Sogn regionråd. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Utruleg kjekt å vera her

Det seier nokre av ungdommane som er på plass i Årdalshallen på entreprenørskapsmessa.

Årdal: Vel 600 nytenkjande og innovative ungdommar er torsdag samla i Årdal for å syne fram si ungdomsbedrift. Elevane kjem frå heile Sogn.

Les også: 600 nyskapande ungdommar frå Sogn er samla i Årdal

Ved inngangen sit det ei ungdomsbedrift frå Kaupanger med det passande namnet Alt mulig-messe. Dei driv med – alt mulig, men først og fremst gjenbruk.

– Me har hatt loppemarknader, og så har me panta flasker for ekstra inntekter. Det har vore veldig vellykka, og me fekk masse varer som me selde vidare. Me har ingen utgifter og tente 12 000 kroner, seier Anders Lund.

Syner seg fram

Saman med over 20 andre bedrifter er dei på plass for å syna seg fram. Det synest dei er veldig kjekt.

– Det er fint å få syna fram kva med held på med og har jobba så mykje med. Me har jobba lenge med denne bedrifta, heilt sidan haustferien, seier Mariann Kvåle Stigen.

Personar frå næringslivet i Årdal og ikkje minst ordførarane i sognekommunane er på plass i Årdalshallen. Mellom anna var Sogndal-ordførar, Jarle Aarvoll, forbi.

– Det virka som dei likte kva dei såg, og dei stilte spørsmål og var positive til at me fokuserte på miljø, seier Arne Lægreid. 

– Ja, i staden for at folk kastar ting, kan dei levere det til oss, og så kan me selja det vidare. 

Beste bedrift

Seinare torsdag skal det kårast bestebedriftsprisar innanfor seks kategoriar. I juryen sit mellom anna Anne Kauppi frå Sogn Opplæringskontor og Laila Hansen frå Indre Sogn Sparebank. Dei likar det dei ser.

Artikkelen held fram under biletet.

JURY: Anne Kauppi og Laila Hansen er ein del av juryen som skal vurdere bedriftene.
JURY: Anne Kauppi og Laila Hansen er ein del av juryen som skal vurdere bedriftene.

– Eg er veldig imponert, og det er gjort ein kjempejobb med messa, seier Hansen.

– Ja, eg var så heldig å få vere med i Sogndal i fjor, og Årdal har teke ho mange hakk vidare, legg Kauppi til.

Viktig messe

Dei meiner slike messer er viktig for å setja Sogn og Fjordane på kartet, og ikkje minst bidra til at ungdom tenkjer nytt.

– Dei skal også få treffe Safe Sound, og då får dei sjå  at det går an å ta desse vidare. Det inspirerer nok, seier Kauppi. 

– Er det noko spesielt spennande de vil dra fram?

– Me såg mellom anna bedrifta som dreiv med gjenbruk. Og så var det to bedrifter som dreiv med høvesvis rekved og koppar med naturmotiv på. Det er veldig spennande, seier ho.

Til toppen