JAKTSTART: Det som kanskje er den siste reinsjakta i Nordfjella på 15 år har starta. Då jakta starta torsdag, vart det ferda ut 1750 fellingsløyve. (Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK)

Utryddinga av villrein i Nordfjella har starta

Det som kanskje er den siste reinjakta i Nordfjella på 15 år, har begynt. Jegerane skal felle heile villreinflokken for å få bukt med skrantesjuka.

Lærdal: Det var ferda ut 1.750 fellingsløyve då jakta starta torsdag. På kvar løyve kan det ein felle to dyr, melder NRK. Heile villreinstammen på 2.200 dyr skal utryddast.

Nordfjella, som strekker seg over seks kommunar i Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane, er eitt av dei to områda i Noreg der det er påvist skrantesjuke. Ekspertane fryktar at sjukdommen kan spreie seg til tamrein og andre hjortedyr.

Den ordinære jakta varer fram til 31. oktober. I den perioden håpar Statens naturoppsyn at jegerane feller 800 til 1.000 dyr. Etter det blir det sett inn eit statleg jaktlag som skal ta dei resterande dyra.

– For reinjegerane er dette kanskje siste jakta på 15 år. Vi veit jo ikkje heilt eksakt, men om stammen blir tatt ut i løpet av eitt år veit vi at fjella skal stå tomme fem-seks år, seier den lokale reinjegeren Runar Bjøberg til kanalen.

Jegerane er nøydde til å levere inn hova til reinen dei feller slik at dei kan testast for skrantesjuke. Er dyra smittefrie, kan kjøttet etast.

(©NPK)

Til toppen