SISTE LITEN: Mange har vore ute i siste liten for å skaffe seg ein DAB-radio når FM-nettet vert sløkt 21. juni klokka 11.11, fortel Malene Alrek i MobilData i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SISTE LITEN: Mange har vore ute i siste liten for å skaffe seg ein DAB-radio når FM-nettet vert sløkt 21. juni klokka 11.11, fortel Malene Alrek i MobilData i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Utseld – mange har kjøpt DAB-radio i siste liten

Onsdag 21. juni vert FM-nettet sløkt for NRK sine kanalar. Mange har difor måtta gå til innkjøp av ny radio.

Årdal: På MobilData i Årdal har det vore eit voldsomt trøkk etter DAB-radioar den siste tida.

– Me har selt ein del små reiseradioar og enkle DAB. DAB har jo vore lenge eigentleg, så mange har allereie dette, men akkurat no er me heilt utselde. Det er eit stort trøkk med mange som er ute i siste liten, seier Malene Alrek i MobilData.

Klokka 11.11 onsdag kan du ikkje lenger høyre radiokanalane til NRK på FM-nettet i Sogn og Fjordane. Seinare i år, 15. september, følgjer kanalar som Radio Norge og P4 etter.

– Betre radiotilbod

Overgangen til DAB har møtt delte meiningar. Mange har lufta frustrasjonen sin i sosiale medium. Til NRK forklarar kommunikasjonssjef i Digitalradio Norge kvifor ein gjer denne overgangen. 

Artikkelen held fram under biletet.

SLØKTE: Radiolyttaren Monica Sunde Tjønnås fekk æra av å skur av FM-nettet i fylket på direktesendt radio saman med P3-gjengen Ronny, Markus og Silje.
SLØKTE: Radiolyttaren Monica Sunde Tjønnås fekk æra av å skur av FM-nettet i fylket på direktesendt radio saman med P3-gjengen Ronny, Markus og Silje.

– Ein skal få meir radioinnhald. Radio må utvikle seg slik som alle andre mediekanalar utviklar seg, og får betre tilbod. Me går frå tre, fire, fem riksdekkande radiokanalar på FM til 30 på DAB. Det er dette det handlar om. Heile landet skal få eit godt radiotilbod, seier Tommy Gaustad til NRK.

– Me ser at det vekker sterke kjensler. Det forstår me. Samstundes håpar me at folk vil sjå at DAB blir ei god løysing i lang tid framover, seier Terje Gilleshammer, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane til NRK.

– Må ikkje kjøpe ny radio

På MobilData i Årdal har det vore mange innom for å spørre om prisar og etterlyst informasjon. 

– Me sel både radioar og adapter. Me tilbyr også hjelp til å installere adapter i bilen. Ein må heller ikkje kjøpe seg ny radio. Med eit adapter slepp ein å bytte ut alt utstyret ein har frå før, seier Alrek, som stiller seg positiv til DAB.

– Ein får fleire moglegheiter. Mange kanalar har berre vore tilgjengeleg på nett eller i byane. No er dei tilgjengeleg for alle. Det tykkjer eg er positivt, men samstundes er det dårleg nett mange plassar på vegane. Eg har sjølv DAB, og det fungerer ikkje alltid optimalt, legg ho til.

Les meir om overgangen til DAB i denne artikkelen til NRK.

Til toppen