UTSELD: Det tok to sekundar før Vinjerock som blir arrangert 20.-23.juli på Eidsbugarden vart utseld. Illustrasjonsfoto
UTSELD: Det tok to sekundar før Vinjerock som blir arrangert 20.-23.juli på Eidsbugarden vart utseld. Illustrasjonsfoto

Utseld på to sekundar

Fekk du billett til Vinjerock? Då var du heldig!

Eidsbugarden: Dei siste åra har billettsalet til festivalen gått unna så fort at det knapt har vore mogleg å måle, men det har ligge rett under ti sekund. Trenden ser ut til å halde fram, for også denne gongen gjekk det radig. Då det ordinære billettsalet tok til fredag, rakk salsansvarleg Carl Frithjof Tidemand-Johannessen knapt å annonsere at slusene var opna, før alle billettane var reservert, skriv Vinjerock i ei pressemlding.

– Alle billettane vart rive vekk på to sekund, altså raskare enn for eitt år sidan, seier Tidemand-Johannessen.

Kan framleis vera ein liten sjanse

Festivalsjef Julie Forchhammer er heilt i ekstase, etter at Vinjerock nok ein gong har seld ut alle festivalbillettane på særs kort tid. Samstundes veit ho at mange satt klare og forgjeves førsøkte å få tak i billett.

– Me er så heldige at me har stor pågang denne dagen, noko som inneber at det garantert er fleire som diverre ikkje får tak i billett. Me sel 3100 billettar til publikum denne veka, inkludert førehandssal lokalt og for DNT-medlemmar. Det at me ikkje sel fleire ordinære billettar heng saman med området me nyttar på Eidsbugarden. Når me arrangerer festival ute i naturen slik me gjer, kjem det med eit stort ansvar, seier Forchhammer.

Når fleire tusen sitt klare og ein kan reservere fire billettar, tek det ikkje lang tid før alle billettane er reservert. Når det vert skrive at billettane er utseld etter få sekund, inneber det i praksis at dei er «reserverte» til kjøparen har gjennomført betalinga.

Billettservice har ei tidsgrense for kjøp, så om nokon ikkje fullfører innan denne tida er ute, vert billettane deira lagt ut att for sal. Difor kan det av og til hende at nokon får tak i ein billett ei stund etter at festivalen er annonsert utseld.

Til toppen