KAN KOMME AVGIFT: Politikarane vurderer å innføre parkeringsavgift i Flåm som eitt av fleire grep for å få bukt med trafikkaoset om sommaren. Men først vil dei ha fleire fakta på bordet.
KAN KOMME AVGIFT: Politikarane vurderer å innføre parkeringsavgift i Flåm som eitt av fleire grep for å få bukt med trafikkaoset om sommaren. Men først vil dei ha fleire fakta på bordet.

Utset avgjerd om parkeringsavgift i Flåm

Skal få bukt med trafikkaoset og feilparkeringane om somrane, men politikarane ønskjer meir fakta på bordet før dei bestemmer seg.

Flåm: Kvar sommar kjem hundretusenar av gjester til Flåm, og langt frå alle kjem sjøvegen. Det har ført til mildt sagt utfordrande parkeringstilhøve for den vesle bygda.

– På det verste brukar du meir tid på å leite etter parkeringsplass enn du brukar på butikken, var observasjonen frå Sturle Ryum (Sp) då saka torsdag var oppe i formannsskapet.

Les også: Nye parkeringsreglar skal gjere det enklare for deg
Les også: Luftig bustadprosjekt i Aurland skal utnytte ny trend

Likevel valde han og resten av politikarane å utsette prosjektet som skal løyse trafikkutfordringane i Flåm. Det vil seie, prosjektet vart formelt sett oppretta, men politikarane vil vente med å tilsette ein prosjektleiar og sette av inntil 400 000 kroner til å få jobben gjort.

– Alle er einige i at denne saka hastar, for parkeringssituasjonen i dag er krevjande. Samstundes er det viktig å ha eit best mogleg beslutningsgrunnlag, seier ordførar Noralv Distad (H).

Å innføre betalt parkering er lansert som eitt mogleg grep for å skape orden i parkeringskaoset. Samstundes er det i saksutgreiinga lagt opp til gratisparkering, for eksempel i ein time, for å sikre at innbyggjarane skal kunne handle utan å måtte betale parkeringsavgift.

Saka skal avgjerast i kommunestyret, men før ho hamnar der meiner ordføraren dei treng meir fakta på bordet. Mellom anna om dei vil greie å få inn meir i avgifter enn det kostar å lønne parkeringsvaktene.

– Det er viktig å få oversikt over kva slags parkeringsareal vi har i dag, kvar det eventuelt er mogleg å utvida og me må sjå på trafikktryggleiken. Så må me få avklart at dette vil generere såpass inntekter at vi òg kan investere dei i nye tiltak, seier Distad.

Til toppen