UTSETT: Tysdag skulle politikarane i Årdal eigentleg ta stilling til om dei ønskte å gjere plass til ein ny fastlege i neste års budsjett, men fordi saka ikkje er «tilstrekkeleg utgreidd», vart ho utsett til neste møte i oktober. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTSETT: Tysdag skulle politikarane i Årdal eigentleg ta stilling til om dei ønskte å gjere plass til ein ny fastlege i neste års budsjett, men fordi saka ikkje er «tilstrekkeleg utgreidd», vart ho utsett til neste møte i oktober. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Arkiv)

Utset lege-saka til oktober

– For at politikarane skal kunne ta best mogleg beslutning i saka, seier rådmannen. 

Årdal: Eigentleg skulle dei folkevalde i formannskapet ta stilling til ei styrking av fastlegetenesta med éin heimel tysdag, men no er saka utsett ein månad. 

– Det er rådmannen sin jobb i sørge for at sakene er utgreidd tilstrekkeleg slik at politikarane skal kunne ta best mogleg beslutning. Her er forhold som kan opplysast på andre måtar, og det vil me bruke ein liten månad på for å få best mogleg breidde, forklarar rådmann Olve Fossedal.

BETRE UGREIDD: Rådmann Olve Fossedal meiner saka bør utgreiast betre slik at politikarane kan ta best mogleg beslutning. Arkiv
BETRE UGREIDD: Rådmann Olve Fossedal meiner saka bør utgreiast betre slik at politikarane kan ta best mogleg beslutning. Arkiv

– Kva forhold er det snakk om? Økonomi?

– Det kan det vere. Det kan òg vere organisering og struktur. Dette er ulike spørsmål ein bør sjå nærare på. 

Det var formannskapet samde i. Saka vert difor til neste formannskapsmøte 11. oktober.

Dårlegast dekning i fylke

Som Porten.no skreiv førre veke, er behovet for fleire legar stort i Årdal. Kommunen har faktisk den lågaste fastlegedekninga i Sogn og Fjordane, og i snitt har legane ei listelengde på 1051 pasientar. Det gir ei ventetid på fem veker, nokon som er på grensa til det forsvarlege.

Nye legar byr også på andre utfordringar. Det er førebels uklart kor mykje dette vil koste. Ved fleire legestillingar må det vurderast å auke hjelpepersonell i legekontoret, og det vil i så fall bety nye endringar på helsehuset, under eitt år etter at det stod klart.

Artikkelen held fram under biletet.

KRITISK: Bjarte Hove (t.v.) har heile tida vore klar på at Årdal burde hatt fleire legar, men at det er vanskeleg å få plass til slik helsehuset står i dag. Arkiv
KRITISK: Bjarte Hove (t.v.) har heile tida vore klar på at Årdal burde hatt fleire legar, men at det er vanskeleg å få plass til slik helsehuset står i dag. Arkiv

– Ei sak med ei forhistorie

Det er akkurat det kritikarane frykta kom til å skje. Difor er det ekstra viktig at alle aspekt ved saka vert framstilt riktig, meiner Fossedal.

– Dette er ikkje kva slags sak som helst, men ei sak med ei forhistorie. Eg var ikkje rådmann då dette vart bestemt, men eg er ansvarleg for å vurdere kva type tenester innbyggjarane treng på bakgrunn av utviklinga kommunen er i. Alderssamansetning er avgjerande for dimensjonering. Eit punkt eg legg vekt på er at publikum skal få god service, seier han.

Frå før er det lagt inn ein 50 prosent kommuneoverlege og 50 prosent fastlegeheimel i budsjettet til kommunen. Om ein skal gjere plass til ein lege til, får ein svar på først i oktober. 

Til toppen