Øvre Årdal: Saka har vore tema for diskusjon både blant næringslivsaktørane og private etter at formannskapet vedtok å gjera parkeringsplassen om til torg som ein kompensasjon for at dei i same møtet sa ja til 32 nye parkeringsplassar på Jotunplassen.
Coop Norge Eigedom, som eig Årdalsenteret, reagerte umiddelbart og kalla forslaget for håplaust. Saka har vore på høyring i sommar og kjem opp til handsaming i formannskapet neste veka. Der er tilrådinga at heile greia vert utsett.
– Den løysinga som ligg føre no er både klok og god. Eg håpar me går inn for den politisk, seier ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) og legg til at han legg seg flat på kommunen sine vegne.
Forstår reaksjonane
I tillegg til at handelen meiner fjerninga av parkeringsplassane vil gå direkte utover deira eigen økonomi, er dei også kritiske til prosessen.
– Den er ikkje med på å skapa tillit og gode samarbeidsforhold mellom kommunen og næringsaktørar. Den er med på å skapa usikkerheit knytt til vilkår og føresetnader som ligg til grunn for store investeringar som er gjennomført, dette vil kunne vere med på å gjere det mindre attraktivt å gjere investeringar i sentrumsområde i Årdal framover, heiter det i uttalen frå Årdal Næringssamskipnad, som har 56 medlemsbedrifter.
– Eg trur me bør løysa slike saker på ein annan måte. Det trur eg me alle er samde om. Så eg reknar med saka får eit utfall som gjer at det blir handterbart for alle partar, kommenterer ordføraren og seier han forstår reaksjonane godt.
Utset saka
Ved å utsetja saka kan eit eventuelt parkeringsforbod heller takast i samanheng med at samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen skal reviderast i 2018 og 2019.
Endringar av arealbruk eller tidslinja for utviklingsstrategiar som kan få vesentlege verknader for aktørar, bør vurderast gjennom arbeidet med overordna planer, heiter det i saksutgreiinga frå administrasjonen.