– Mange er i uvissa og kjenner på utryggleik for eiga inntekt, hus og heim, skriv Stig Ove Ølmheim og Henny-Kristin Asperanden Navarsete.
– Mange er i uvissa og kjenner på utryggleik for eiga inntekt, hus og heim, skriv Stig Ove Ølmheim og Henny-Kristin Asperanden Navarsete. (Foto: Trine Nylehn)

MEININGAR

«Utsett betalingsfrist på eigedomsskatt og kommunale avgifter»

Stig Ove Ølmheim og Henny-Kristin Asperanden Navarsete (Ap) er svært uroa for den noverande situasjonen, både medisinsk og økonomisk. Dei fryktar at konsekvensane kan verta store.

Meiningar: Me er enno i ein tidleg fase. Ingen veit dei fulle konsekvensane av korleis denne krisa vil råka, verken medisinsk eller økonomisk.

Bedrifter står i fare for å gå konkurs. Her i Sogndal har fleire fått varsel om permittering. Mange er i uvissa og kjenner på utryggleik for eiga inntekt, hus og heim.

Allereie i april ventar betalingsfristen på eigedomsskatt og kommunale avgifter. Verkemiddelapparatet må på plass. Me har inga tid å mista.

Me i Arbeidarpartiet i Sogndal føreslår i første omgang følgjande: Innbyggjarar som treng det, kan få rentefri utsetjing på eigedomsskatt og kommunale avgifter fram til hausten. Slik kan ein redusere utgiftene no i denne vanskelege tida.

Alle verksemdene i kommunen kan få rentefri utsetjing på eigedomsskatt og kommunale avgifter fram til hausten for å betra likviditeten i bedriftene. Dette er eit tiltak som kan vera med på å hjelpa bedriftene gjennom krisa.

Me må stå saman.

Til toppen