MINDRETAL: Trond Øien Einemo (H) og Kåre Mentz Lysne (Ap) ville vedta både sjølve skulebruksplanen og innstillinga til rådmannen om at Ljøsne skule skal leggjast ned, men kom i mindretal. Dermed kjem nedleggingssaka opp først i ekstraordinært formannskapsmøte og blir endeleg vedteke i kommunestyret 20.oktober. Foto: Ole Ramshus Sælthun
MINDRETAL: Trond Øien Einemo (H) og Kåre Mentz Lysne (Ap) ville vedta både sjølve skulebruksplanen og innstillinga til rådmannen om at Ljøsne skule skal leggjast ned, men kom i mindretal. Dermed kjem nedleggingssaka opp først i ekstraordinært formannskapsmøte og blir endeleg vedteke i kommunestyret 20.oktober. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Utsette vedtaket om Ljøsne skule

Formannskapet i Lærdal vedtok skulebruksplanen, men utsette å gje innstilling i spørsmålet om Ljøsne skule skal leggjast ned eller ikkje.

Lærdal: – Eg meiner me må vedta skulebruksplanen først, deretter vedta konsekvensane av planen. Slik tilrådinga frå rådmannen er går me rett på konsekvensane. Det finn eg forunderleg, sa lærdalsordførar Jan Geir Solheim i torsdagens formannskapsmøte.

Tilrådinga laud: "Alternativ 1 i planen, med nedlegging av Ljøsne skule, vert vedteke", samt to punkt som gjekk på skulekrinsar og prosess rundt bygningsmassen ved Ljøsne skule, føresett at den altså vart vedteken nedlagd.

Såleis meinte ordføraren sjølve planen aldri vart vedteken om ein gjekk rett på konsekvensane av planen, altså nedlegging av Ljøsne skule.

Les også: Første akt av den lokalpolitiske thrilleren er i gang

– Vondt når det står på

Rådmannen innleia saka og la vekt på at dette var ei vanskeleg sak for alle. Han understreka også at ein burde få ein beslutning om kor vidt skulen skal leggjast ned eller ikkje i komande kommunestyremøte, 20 oktober fordi denne avgjersla vil ha mykje å seia for korleis ein legg opp det kommunale budsjettet for neste år. 

– Det er vondt når det står på, men då er det greitt å bli ferdige med saka så alle får ei avklaring, sa Alf Olsen jr.

Formannskapet gjekk så over til å diskutera innhaldet i skulebruksplanen, altså med utgangspunkt i å ikkje ta stilling til sjølve spørsmålet om nedlegging. Både Kåre Mentz Lysne (Ap), Jan Geir Solheim og Gro Starheimsæther (begge Sp) etterlyste meir konkret analyse i høve Ljøsne skule.

Ordføraren heva røysta overfor rådmannen

Medan Lysne bad rådmannen finna statistikk på kor mykje både skulebygget og gymsalen blir brukt utom skuletid, etterlyste Solheim meir konkrete og spesifikke svar på kva nedlegging av skulen ville ha å seia for grenda Ljøsne.

– Kva vil ei nedlegging ha å seia for tilflytting til Ljøsne, for foreldre og born som bur på Ljøsne i dag? Det er akkurat som om det som går på Ljøsne skule i planen ikkje er skrive for Ljøsne. Og må me koma att om femten år og byggja på Lærdalsøyri skule dersom me legg ned Ljøsne skule no? 

– Det er konsekvensane for Lærdal som heilskap som er viktige, ikkje for Ljøsne spesielt. Ein må sjå på totalen for elevane i heile bygda, svarde rådmann Olsen.

Utsegnet førde til at ordføraren heva røysta:

– Eg vil ha meg fråbedd at administrasjonen framstiller det som om de tek meir samfunnsansvar enn politikarane.

– Eg prøver å respondera på det du spør meg om. Poenget mitt er at det er heilskapen som tel, skulebruksplanen får konsekvensar for alle elevar i Lærdal, svarde Olsen.

– Viss eit skuletilbod blir lagd ned, så berører det direkte dei elevane med foreldre som går der. Det gir eg meg ikkje på, sa Solheim.

– Heilskapen som tel

Kåre Mentz Lysne sa seg einig med rådmannen.

– Det er heilskapen som tel, og utifrå dei rammene me har trur eg det er framlegget til rådmannen med nedlegging av Ljøsne skule som gir det beste tilbodet for elevane.

Han les også opp høyringsuttalen frå elevrådet på Øyri, ettersom han meinte denne oppsummerte saka godt. Hovudpoenget i uttalen er at med den økonomiske situasjonen for kommunen fryktar dei at det blir dårlegare standard på skulane, utdatert læreverk, mindre valfag og kutt i stillingar dersom ein ikkje sparar pengar ved å leggja ned Ljøsne skule.

Trond Øien Einemo (H) meinte det ikkje var noko poeng i å utsetja vedtaket om kor vidt Ljøsne skule skal leggjast ned. Han kom difor med framlegg om at ein la inn eit tilleggspunkt i tilrådinga til rådmannen, slik at ein i praksis vedtok både skulebruksplanen i seg sjølv og tok stillling til nedlegging av Ljøsne skule i same vedtak.

Senterpartiet sine representantar føreslo å vedta skulebruksplanen, men at nedleggingsspørsmålet måtte koma oppatt i eit ekstraordinært formannskapsmøte i framkant av kommunestyret 20.oktober.

Senterpartiet sitt framlegg vart vedteke med deira eigne og Annika Vangberg (Sv) si røyst, medan Kåre Mentz Lysne stemde for Øien Einemo sitt framlegg.

Meiner å spara 5,2 millionar kroner

Tidlegare i møtet la også formannskapet opp til at ein skal omgå å vedta ein ny "kommuneplan - samfunnsdel" før ein vedtek skulebruksplanen. Rådmann Alf Olsen jr. klargjorde at det ikkje var noko lovstridig i å gjera det slik, men at kommunestyret må oppheva eit vedtak dei gjorde sjølve i 2014 om at ny "kommuneplan - samfunnsdel" skal vedtakast i samband med skulebruksplanen.

Det vanka også ein del forvirring rundt kor mykje administrasjonen faktisk meinte ein vil spara på drift ved å leggja ned Ljøsne skule. Rådmannen brakte på det reine at det var snakk om 5,2 millionar kroner netto, derav 900 000 går på teknisk, det vil seia vedlikehald og vaktmeistertenester.

Dermed blir etter alt å døma skjebnen for Ljøsne skule avgjort i kommunestyremøtet 20.oktober.

Til toppen