Årdal: Ein solskinsdag i kjølig haustvêr gjekk Rigmor Øygarden på tur til Ramnaberg. Toppen har godt utsyn over Øvre Årdal.

– Eg likar denne kvardagsturen godt. Fint at eg kan gå ein runde, og ikkje same veg tur -retur, seier Øygarden.
Ho held fram:
– Eg går opp i Langesvingen i Fardalen og over, og kjem ned att på Mjøensida. Også får ein super utsikt over bygda oppå der i belønning.
Det er tydeleg at me går mot haust. Trea på fjellet Bøttejuv har byrja å skifta farge, og på toppane ligg eit lite lag snø.