– Det er veldig kjekt å koma seg innatt på U21-landslaget. Eg har vore ute av troppen ei stund, sidan oppkøyringa i fjor, så då smakar det ekstra godt, seier Mathias Dyngeland til Porten.
Når Noregs beste fotballspelarar frå 21 år og nedover skal ut i to svært viktige bortekampar mot Bosnia og England, skal Dyngeland kjempa om keeperplassen med Sondre L. Rossbach frå Odd, melder Sogndal Fotball.
At Dyngeland no er inne i varmen etter eit drygt år utan landslagsspel, meiner han har med prestasjonane å gjera denne sesongen.
– Eg føler eg har vakse ganske mykje i mi rolle, ting sit betre - eg er rett og slett vorten meir vaksen.
– Berre tre poeng gjeld
Etter å ha vakta buret for Sogndal gjennom 20 kampar i Tippeligaen i 2014 øydelagde skade vårsesongen året etter. Etter at Dyngeland kom tilbake har han vore førsteval bakarst hjå sogndølene, noko som altså gjev resultat.
– Det har vore mange opp- og nedturar. Slikt veks ein på, seier han.
– Kva tenkjer du om dei to kampane og det å spela mot England?
– Det blir svært spennande, me har mål om å koma til EM. Då er det berre tre poeng som gjeld. Og England er alltid spesielt.
Noreg ligg på 3.plass i gruppa og skal først ut mot tabelljumbo Bosnia borte laurdag 2.september. Fire dagar etter ventar England, som leier gruppa og som Noreg tapte 1-0 for heime i fjor haust.
Store namn
Ei lita "rosin i pølsa" er at namn som Martin Ødegaard og Mats Møller Dæhli også står på blokka til U21-trenar Lars Gunnar Smerud - begge med landslagsspel for seniorlaget og bakgrunn frå store europeiske klubbar.
– Eg har vore med dei to ei gong før også – dei hevar nivået, og me treng dei for å koma til EM.
Også tidlegare Sogndalsspelar Petter Strand er med i troppen.