TIL VM OG EM: Jon-Hermann Hegg frå Borgund og Lærdal er klar for VM og EM i sommar. Privat foto 
TIL VM OG EM: Jon-Hermann Hegg frå Borgund og Lærdal er klar for VM og EM i sommar. Privat foto  (Foto: Privat)

Utteken til VM og EM: – Det har vore målet

Jon-Hermann Hegg frå Lærdal skal delta i VM i Tyskland og EM i Aserbajdsjan for juniorar til sommaren.

Lærdal: – Å bli teken ut har vore målet, så det var bra og gøy å få den beskjeden, seier Hegg.

Det var Sogn Avis som først melde at lærdølen er ein av tolv utøvarar som er teken ut til junior-VM og junior-EM i skyting.

Til Porten.no fortel Hegg at han hadde bra håp om å bli blant dei utvalde:

– Me hadde uttaksstemne og eg såg der at eg låg greitt an.

– Kva forventingar har du til eigen prestasjon under VM og EM?

– Det blir å gjera mitt beste, for eg veit ikkje heilt kva nivået er. Så eg må berre toppa formen inn mot meisterskapa.

– Korleis toppar ein formen i skyting?

– Ved å trena hardt og mykje i ein periode og så ha ein liten pause like før meisterskapa. Det er mykje som spelar inn på skyteformen og korleis resultatet blir.

Medan VM går av stabelen i Suhl midt i Tyskland i slutten av juni, blir EM arrangert i den aserbajdsjanske hovudstaden Baku i månadsskiftet juli/august.

– Aserbajdsjan er jo ikkje det mest opplagde reisemålet; kva tenkjer du om å reisa dit?

– Det er sant, så eg gler meg til det, seier Hegg.

Både under VM og EM skyt Hegg 50 meter liggjande, 60 skot, og 50 meter heilmatch, som består av 40 skot både liggjande, kneståande og ståande. 

Til toppen