BEKYMRING: Leiar i Sogndal SP, Ole-Mathias Nes (t.v.) uttrykte bekymring for kutt i Sivilforsvaret under landsmøtet til partiet med partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Pressefoto
BEKYMRING: Leiar i Sogndal SP, Ole-Mathias Nes (t.v.) uttrykte bekymring for kutt i Sivilforsvaret under landsmøtet til partiet med partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Pressefoto

Uttrykte uro for kutt i Sivilforsvaret med SP-leiaren

Sogndal Sp tok under landsmøtet i partiet opp sentralisering av Sivilforsvaret med partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Sogndal: – Det uroar oss stort lokalt når ein i rapporten tilsynelatande trekk fram nærpolitireforma som ein slags inspirasjon seier lokallagsleiar i Sogndal Sp Ole-Mathias Nes i ei pressemelding.

Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) har gjennomført ei konseptutgreiing på bestilling frå Justis- og beredskapsdepartementet med høyringsfrist 9.juni 2017.  

Oppdraget er ifølgje DSB gitt for å sikre: «At Noreg har eit sivilforsvar med den innretning, kompetanse, volum og organisering som krevast for å møte framtida sine behov og utfordringar.»  Formannskapet i Sogndal fekk ved distriktssjef Stein Morten Rønningen informasjon om dette i førre møte.

Les også: Han fryktar for beredskapen i distrikta

Fryktar for arbeidsplassar

Sogndal Sp si frykt er at denne utgreiinga, midt opp i alle sentraliseringsreformene til regjeringa, er i ferd med å gå litt under radaren.  

I utgreiinga legg ein fram fire konsept for utvikling av Sivilforsvaret.  To av desse konsepta går ut på å ta ned tal distrikt frå dagens 20 til omlag 10. DSB har tilrådd konsept 2 som inneber at ein reduserer tal distrikt til 10.

– Tek ein ned tal distrikt så drastisk fryktar vi for lokal beredskap i distrikta og også statlege arbeidsplassar mellom anna i Sogndal.  Dette er ei frykt som vi opplever at distriktsleiinga i Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane langt på veg deler, seier Nes.

Brukte Dagmar og brannen i Lærdal som døme

Lokallagsleiaren i Sogndal Sp seier han tok opp denne saka med partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Samband med Senterpartiets Landmøte i Trondheim i helga. 

– Eg fekk snakka med Vedum om saka og påpeika overfor partileiaren at vi treng lokalt nærvær av beredskapsetatar som Sivilforsvaret når ulukka er ute, slik som til dømes i høve ekstremveret Dagmar og brannen i Lærdal. Eg  er svært glad for at eg fekk teke opp denne saka med partileiar, seier Nes. 
 
– Å redusere tal distrikt frå 20 til 10 er eit oppsiktsvekkande forslag som vil svekke lokal tilstadeverelse og beredskap.  Også Sivilforsvaret har heilt sikkert betringspotensial og treng endring, men svaret kan ikkje og skal ikkje alltid vere sentraliserande strukturendringar. Det er feil veg å gå, seier Nes vidare.

Han samanliknar dette med ei vesentleg meir omtala reform.

– Erfaringane frå den såkalla nærpolitireforma viser allereie at den reforma i realiteten er ei fjernpolitireform.  Senterpartiet aksepterer ikkje at ein legg opp til ei tilsvarande utvikling i enda fleire beredskapsetatar.
 
 

Til toppen