BLIR LANSERT: Toyota slepp sin hydrogenbil Mirai på den norske marknaden. Først i eit avgrensa opplag. Foto: Produsenten / NPK.
BLIR LANSERT: Toyota slepp sin hydrogenbil Mirai på den norske marknaden. Først i eit avgrensa opplag. Foto: Produsenten / NPK.

Utvalet av hydrogenbilar i Noreg blir dobla

Når Toyota no lanserer Mirai i den norske marknaden, er det for å få fart på hydrogenutbygginga.

– Det er ein viktig milepæl for oss å levere nullutsleppsbilen Mirai til kundar i Noreg. Vi trur dette er starten på noko stort, og vi meiner denne teknologien vil spele ei viktig rolle for å erstatte fossildrivne bilar i framtida, seier informasjonssjef Espen Olsen i Toyota Norge i ei melding.

Mirai blei sleppt på heimemarknaden i Japan seint i 2014, sommaren etter i California, og på hausten i fjor i nokre få europeiske land.

Frå før av finst det éin annan modell på det norske marknaden som går på hydrogen, Hyundai ix35.

Morten Brusletto, PR-sjef hos den norske Hyundai-importøren, seier dei opplever stor interesse om denne bilen.

– Både frå presse og «mannen i gata». No gler vi oss til det kjem fleire stasjonar i full drift.

20 i Noreg

I årets to første månader blei det registrert to nye ix35 med hydrogendrift i Noreg, og ni i heile fjor, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Totalt skal det vere rundt 20 hydrogenbilar i Noreg.

Artikkelen held fram under biletet.

ÉIN AV TO: Hyundai ix 35 er den andre hydrogenbilen som er tilgjengeleg i Noreg.
ÉIN AV TO: Hyundai ix 35 er den andre hydrogenbilen som er tilgjengeleg i Noreg.

Honda har òg ein hydrogenbil, Clarity, men han vil ikkje komme på den norske marknaden med det første.

– For Noreg sin del trur eg det tek nokre år før vi ser Clarity for sal, seier Tom Gullkrona Skoglund, PR-sjef hjå den norske importøren.

Det finst nokre få av bilen i Europa, som del av HyFive-programmet, der fleire produsentar har bidrege med bilar for å teste ut hydrogendrift. Dette skal gå føre seg til hausten 2017, deretter skal ein gjere ei evaluering.

Toyota i Noreg seier at dei har hatt eitt eksemplar av Mirai på vegen sidan januar, og at han handterer norsk kulde utan problem.

Mangel på fyllestasjonar

– Kupeen blir svært fort varm, sidan prosessen i brenselcella gjev frå seg noko varme vi kan utnytte i varmeapparatet, utan at dette medfører noko særleg reduksjon av rekkevidda. I praksis viser det seg at vi kan oppnå ei rekkjevidd mellom kvar fylling på cirka 40 mil på vinterstid, mens typegodkjent rekkjevidd er 55 mil i samsvar til NEDC-syklusen i EU, seier Olsen.

Problemet med hydrogenbilar i Noreg er mangelen på fyllestasjonar. Per i dag er det fem stasjonar, og dei er i hovudsak i Oslo-området. HYOP og Uno-X har planar om meir enn 20 stasjonar. Det er venta at dei startar med utrullinga av desse i år.

HYOP driftar i dag stasjonar på Økern, Gaustad, Gardermoen og Herøya. Dei planlegg ein ny stasjon på Høvik, men vet ikkje når byggjeprosessen startar.

Artikkelen held fram under biletet.

LENGE SIDAN: Dåverande konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten, opnar hydrogenstasjonen på Herøya i 2007. Han står der framleis, og er i dag éin av fem slike stasjonar i Noreg.
LENGE SIDAN: Dåverande konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten, opnar hydrogenstasjonen på Herøya i 2007. Han står der framleis, og er i dag éin av fem slike stasjonar i Noreg.

– Diverre er det ikkje noka byggjeverksemd enno. Vi er i prosess med kommunen og reknar med å vere ferdig med det ganske snart. Sidan dette ikkje er ei A4-sak, vil dei ikkje seie noko om når vi får endeleg svar, seier Ulf Hafseld i HYOP.

Liten skala

– Vi lanserer Mirai no fordi vi ser at bilar på vegane er naudsynte for å byggje ut fleire fyllestasjonar. Toyota Norge ventar politikarane prioriterer hydrogenstasjonar i Nasjonal transportplan 2018– 2029, og at Enova får tildelt midlar til å støtte opp under utbygginga av eit nasjonalt nettverk av hydrogenstasjonar, seier Olsen.

Førebels vert Mirai bygd i svært liten skala, og planen er at Noreg får 10 bilar i år. Prisen er 609.500 kroner. Hyundai ix35 kostar 500.000 kroner.

Motoren i Mirai er på 154 hestekrefter og har eit dreiemoment på 335 newtonmeter. Dei to tankane skal til saman romme 122,4 liter, tilsvarande fem kilo hydrogen. Det skal ta mellom tre og fem minutt å fylle han opp. (©NPK)

Til toppen