STORT ENGASJEMENT: Over hundre frammøtte sørga for at det vart trangt om plassen i dei nye klubbhuset til Kaupanger idrettslag. Temaet var dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger.
STORT ENGASJEMENT: Over hundre frammøtte sørga for at det vart trangt om plassen i dei nye klubbhuset til Kaupanger idrettslag. Temaet var dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Utvida høyringsfrist: – Skulle ønske vi hadde hatt møtet før

Fylkesmannen utset høyringsfristen etter at engasjementet rundt forslaget om å opprette to natturreservat på Kaupanger plutseleg vakna. Folkemøtet onsdag trakk over hundre tilhøyrarar.

Kaupanger: Det var trangt om plassen då Fylkesmannen tysdag inviterte til folkemøte i det nye klubbhuset til Kaupanger idrettslag.

SPENT TILHØYRAR: Hovudstyremedlem i idrettslaget, Trine Lerum Hjellhaug (nummer to frå høgre), føler det enno heng nokre spørsmål i lufta, sjølv om ho fekk nokre svar på folkemøtet.
SPENT TILHØYRAR: Hovudstyremedlem i idrettslaget, Trine Lerum Hjellhaug (nummer to frå høgre), føler det enno heng nokre spørsmål i lufta, sjølv om ho fekk nokre svar på folkemøtet.

Hit var folk komne for å få svar på kva konsekvensar eit naturreservat kan få for bruken av området, ikkje minst for turgåarar og stisyklistar.

Trine Lerum Hjellhaug, medlem av hovudstyret i idrettslaget, er glad for at fleire av innspela dei har kome med er tekne omsyn til i planane og føler dei fekk svar på ein del av spørsmåla dei hadde før møtet.

– Likevel føler me det er behov for å bruke enno litt tid i eit samarbeidsutval for å bli enno tryggare på kva dette inneber. Eg føler det heng ein del i lufta enno som gjer oss usikre, seier ho.

Les også: Naturreservat kan stikke kjeppar i hjula for stisyklistane
Les også: Ueinige om stisykling er ein fare for skogen

Tatt på senga av engasjementet

Nye og utvida klubblokale kunne ikkje hindre at fleire måtte stå i døra og oppetter veggar for å få med seg det som vart sagt på møtet.

Ei rask opptelling synte over hundre frammøtte, langt frå kvardagskost i slike saker, noko òg representantane frå Fylkesmannen beit seg merke i.

– Det er veldig bra. Slik som saka har utvikla seg, så skulle eg ønskje vi hadde hatt dette møtet før, men det kom veldig få innspel under oppstartsmeldinga i mars og då var det vanskeleg å forstå kor viktig eit sånt møte var, seier seniorrådgjevar Tom Dybwad hos Fylkesmannen.

UVENTA ENGASJEMENT: Seniorrådgjevar Tom Dybwad hos Fylkesmannen seier dei gjerne skulle hatt folkemøte før, men at dei ikkje kunne forutsjå det store engasjementet som plutseleg vakna. 
UVENTA ENGASJEMENT: Seniorrådgjevar Tom Dybwad hos Fylkesmannen seier dei gjerne skulle hatt folkemøte før, men at dei ikkje kunne forutsjå det store engasjementet som plutseleg vakna. 

Utvida høyringsfrist

Det store engasjementet vakna først etter at Porten.no først skreiv om det moglege sykkelforbodet 11. juni, ti dagar før høyringsfristen gjekk ut. Sjølv politikarane i kommunestyret vedgjekk at saka hadde gått under radaren.

No blir fristen til å kome med innspel utvida til 10. juli, i tillegg til at kommunen får tida dei treng til å handsame ei høyringsuttale politisk. 

– Då får dei betre grunnlag til å sette seg inn i dei innspela som har kome frå idrettslaget, terrengsyklistane og andre. I tillegg ønskjer vi å ha eit møte med kommunen for å gå gjennom ein del av problematikken før det blir handsama, seier miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen.

Framleis usemje om faren med sykling

Rickard Sundell i Sogn terrengsykling føler dei har fått til ein god dialog med Fylkesmannen etter synfaringa tidlegare i månaden.

Men framleis står dei langt frå kvarandre når det gjeld synet på kva fare stisykling faktisk utgjer for vernet. Folkemøtet representerte heller ikkje det store gjennombrotet i så måte.

FRAMLEIS AVSTAND: Terrengsykkelmiljøet, her ved Rickard Sundell i Sogn terrengsykkel, meiner dei framleis ikkje har fått godt nok svar på korleis dei truar det føreslåtte vernet.
FRAMLEIS AVSTAND: Terrengsykkelmiljøet, her ved Rickard Sundell i Sogn terrengsykkel, meiner dei framleis ikkje har fått godt nok svar på korleis dei truar det føreslåtte vernet.

– Det verkar som det er ganske fastlåste posisjonar: stiane i kjerneområda skal vernast uansett. Det som gjer meg uroa er at vi ikkje får skikkeleg svar på spørsmåla vi stiller, seier Sundell og viser til ein NINA-rapport som antyder at omfanget av stibruken betyr meir enn om den skjer på sykkel eller til beins.

– Slitasjen blir like stor med til dømes fotturisme. Jo fleire menneske vi blir på stiane, jo større blir slitasjen, seier Sundell, som dermed tykkjer det blir feil å utelukke ei brukargruppe frå området, med unnatak av på enkelte utvalde stiar.

– Dei tykkjer ikkje grunngjevinga vår er god nok. Det tek vi med oss, seier seniorrådgjevar Tom Dybwad.

Til toppen