Lærdal: – Me har fått med oss Ole Thomsen - ein annerkjent gitarist, av Noregs beste jazzartistar, fortel Kristen Olav Grøttebø.
Onsdag kveld skipar countrybandet Longhorn til konsert på Villakssenteret der inntekta går uavkorta til prosjektet for å få MR-maskin på Lærdal sjukehus.
Les også: Inviterer til konsert for MR-maskina
Longhorn består av fleire medlemmar frå bandet Fox, som heldt på over fleire tiår og hadde eit noko meir rocka reportoar - dei gav også ut samle-CD`en "Fox i boks" på 90-talet. Med i bandet var nettopp Ole Thomsen.
– Midt i blinken
Og Grøttebø har fått ein annan gjest med på opplegget - heilt frå USA.
– Eirik Brørs, som har familie i Lærdal, viste seg å vera her no. Og han har med seg gitar, så då fekk me med han også. Eg sa me spelte country og det var visst midt i blinken - han bur trass alt i Aspen i Colorado.
Tredje gjesten er Erling "Elle" Hovland, som er tiltenkt ei rolle som leiar av allsongen.
Konserten startar klokka 19 og det kostar 200 kroner inn. Om reportoaret seier Grøttebø følgjande:
– Det blir sikkert litt gamle Foxklassikarar også.