RØYSTING: Det vart røysta om mange endringsframlegg til vedtekene for SFO i kommunestyret i Aurland førre veke, men endringane avgrensa seg til slutt til utvida opningstider og to fleire planleggingsdagar. Foto: Ole Ramshus Sælthun
RØYSTING: Det vart røysta om mange endringsframlegg til vedtekene for SFO i kommunestyret i Aurland førre veke, men endringane avgrensa seg til slutt til utvida opningstider og to fleire planleggingsdagar. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Utvida opningstidene med ein halvtime i kvar ende

Dei generelle opningstidene for SFO i Aurland blir mellom klokka 07.00 og 16.30 bestemte kommunestyret i Aurland førre veke.

Aurland: Det vart ein lang debatt om vedtektene for SFO i Aurland under førre vekes kommunestyre.

Fleire framlegg til endringar av vedtektene var oppe både i kommunestyret og i formannskapet i framkant.  Mellom anna kom Monica Finden (H) med framlegg om at SFO skal halda ope på einskilddagar og –veker i alle feriar ved behov, og at ein skal sjå på moglegheiter for samarbeid med barnehagane dersom færre enn tre born har SFO-behov.

Dette framlegget fall med seks mot elleve røyster.

Hege Loven (Ap) kom med framlegg om å utvida tal planleggingsdagar for SFO frå tre til fem, og at SFO held stengt desse dagane.

Dette vart ein av to endringar i vedtektene; den andre var at opningstidene blir utvida frå opning klokka 07.30 og stenging klokka16.00 – som har vore gjeldande sidan sist gong vedtektene vart bestemt – til at SFO no skal halda ope i tidsrommet 07.00 til 16.30. Dette er gjeldande for alle skular i Aurland, men opningstidene skal tilpassast lokale behov.

Til toppen