AVSANNA RYKTE: Michael Zerbst avsannar ryktet om at han skal leggja ned og kjem i staden med gode nyhende. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
AVSANNA RYKTE: Michael Zerbst avsannar ryktet om at han skal leggja ned og kjem i staden med gode nyhende. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Utvida tilbod på Best på Årdalstangen

Det har i ein periode gått rykte i bygda om at Mekonomen Bilverkstad og Best-stasjonen på Årdalstangen skal leggjast ned.

Dagleg leiar Michael Zerbst avkreftar no desse rykta, og legg til at situasjonen er tvert om. 

Den kundeinnstilte mekanikaren fortel til Porten.no at det ikkje er snakk om nedleggjing i det heile.

– Eg har oppfatta at det mellom anna blant bedrifter i bygda har gått rykte om nedleggjing av bensinstasjonen og verkstaden, men dette er altså ikkje tilfellet.

– Det som kjem til å skje er at det vil verte ei endring i drifta av stasjonen. Dette vil ikkje føre til dårlegare tilbod for kundane våre då nøgde kundar er særs viktig for meg. Eg tok over bensinstasjonen for å drive den, ikkje for å leggje den ned.

– Drifta har diverre vore for dårleg dei siste åra, og eg har sett meg nøydd til å gjere visse nedskjeringar. Då er det snakk om endringar og absolutt ikkje nedleggjing.

Ingrid Christensen, som har vore dagleg leiar i fleire år, og Åge Jønsson, som også har vore med og drifta, reagerer på den siste biten i det Zerbst seier om at ikkje har gått bra dei siste åra.

– Me har sett korleis dette har utvikla seg, men han kom inn 1. mai 2013 og har slik sett ikkje noko bakgrunn for å seia dette. Det er ein direkte usannheit at drifta har vore dårleg. Det har ikkje vore noko grullgruva, men det har ikkje vore nokon grunn til å stengja, seier ho.

Endring av drift

Nokre endringar tykkjer dagleg leiar er naudsynte å gjere med tanke på drifta. Dette fører mellom anna til at kiosken over verkstaden vil verte avvikla og verte omgjort til ein butikk med bilrekvisita i Mekonomen-stil.

Dagleg leiar kjem òg til å flytte kontoret sitt opp, og det er han som kjem til å ta imot kundane. 

Ei anna vesentleg endring er at bensinpumpene vil verte heilautomatiske. Det vil seie at ein ikkje lenger kan fylle bensin og betale kontant innandørs. Zerbst vonar at dette ikkje vert eit stort problem då dei fleste kundane i dag betalar med kort likevel.

EU-kontroll

Zerbst har lyst ut ei ny stilling på verkstaden og vonar å tilsetje nokon i ganske nær tid. Dette vert gjort for å redusere ventetida for kundane og for at verkstaden skal kunne handsame fleire kundar om gongen. 

I tillegg vil verkstaden verte godkjent for å gjennomføre EU-kontroll i laupet av november. Dagleg leiar trur at dette vert den største endringa for kundane.

– Det viktigaste for meg er å gjere kundane nøgde, men eg har fleire gonger vore nøydd til å skuffe kundane å seie at me diverre ikkje utfører EU- kontrollar.

– No er utstyret som krevjast for dette på plass, og Vegvesenet kjem på synfaring i laupet av månaden for å godkjenne. Dette er ei viktig endring for verkstaden, og eg håpar kundane vert nøgde.

Til toppen