TIL TESTING: Harald Skjerdal leverer inn det første hjortehovudet som vart testa for CWD i Aurland. Ingen av dei testa hjortane eller elgane som er testa til no har fått positivt utslag. Foto: Knut Fredrik Øi
TIL TESTING: Harald Skjerdal leverer inn det første hjortehovudet som vart testa for CWD i Aurland. Ingen av dei testa hjortane eller elgane som er testa til no har fått positivt utslag. Foto: Knut Fredrik Øi

Utvidar CWD-testinga

Grunna "berre" to positive prøvar i løpet av reinsjakta utvidar Miljødirektoratet CWD-testinga i samband med hjortejakta

Årdal/Lærdal/Aurland: Miljødirektoratet har beslutta at det skal samlast inn hjortehovud for prøvetaking i forhold til skrantesjuke (CWD) ut heile oktober i Årdal, Lærdal og Aurland, opplyser felles landbrukskontor for dei tre kommunane. I utgangspunktet skulle testinga opphøyra 6.oktober.

Årsaka til dette er at av om lag 330 testa villrein i Nordfjella no i haust, testa kun 2 individ positivt for skrantesjuke. Dette gjer at ein treng mange fleire analysar av hjort før ein kan meina noko om eventuell førekomst av skrantesjuke.

– Skulle gjerne ha testa alt av vilt som blir felt i landet i løpet av jakta

Kari Bjørneraas, rådgjevar på viltseksjonen i Miljødirektoratet, fortel dei helst ville testa for CWD heile jakta, men at dette ikkje er praktisk mogleg. 

– Me skulle gjerne ha testa alt vilt som blir felt i heile Noreg i løpet av jakta. Men det er umogleg å skaffa nok økonomiske og menneskelege ressursar til det. Difor har me gjort ei vurdering med tanke på å kartleggja best og mest mogleg utifrå dei ressursane me har. Og no set me altså inn ekstra ressursar i Årdal, Lærdal og Aurland sidan det er funne CWD i dette området.

– Jegerar er bekymra for at dei feller dyr med CWD og kan koma til å eta kjøt som har dette i seg ettersom det blir slutt på testinga ved utgangen av oktober? 

– Det forstår me godt, og som sagt; me skulle svært gjerne ha testa alt av vilt som blir felt, men det er altså ikkje mogleg. Veldig mange spør om dette frå heile landet, seier Bjørneraas. 

Les også: Enno eit tilfelle av CWD i Nordfjella

Les også: Skal testa hjortehovud for CWD

Ho viser vidare til at Mattilsynet vil testa vilt som blir felt i tidsrom eller områder som fell utom kartleggingsprogrammet så langt det let seg gjera - dersom jegerar tek kontakt. I Mattilsynet sitt informasjonsskriv til jegarar står følgjande om dette:

"Mattilsynet vil så langt det er mulig ordne dette. Kontakt ditt nærmeste avdelingskontor i Mattilsynet på telefon 22 40 00 00 for å få informasjon om hvordan dette kan gjøres. Det er nødvendig med hjerneprøve av dyret, så hodet på dyret må være tilgjengelig."

Ingen hjort eller elg har testa positivt

Vidare er det altså på det reine at CWD aldri har vorte påvist smitta frå dyr til mennesker:

"Det er svært liten risiko for at sykdommen skal smitte til mennesker, men for å være på den sikre siden så kommer vi ikke til å godkjenne at kjøtt som tester positivt skal spises", står det i same skrivet frå Mattilsynet.

 Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Felles Landbrukskontor får Årdal, Lærdal og Aurland opplyser vidare at det per i dag er det testa om lag 90 hjort og elg i desse kommunane, og alle er negative.

"Me veit at det vert felt mykje hjort i oktober, og vonar at alle jegerane framleis er flinke til å levera hovud."

Innsamlingspunkta i dei tre kommunane er:

  •  Aurland: fiskehuset ved Turlidfossen
  •  Lærdal: kasse hjå Magne Eri på Eri
  •  Årdal: kasse i skuret ved skytebana på Knipenborg skytebane, Loi.

Avslutningsvis opplyser landbrukskontoret om at hovuda som skal testast skal skjærast av i det øvste leddet - altså at alle ryggvirvlar skal av. Vidare at kalv av hjort og elg ikkje skal testast.

Til toppen