TAR OVER: Dariusz Baran ynskjer å inkludere drift av Norsk Villakssenter som ein del av Laksen Kafé. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
TAR OVER: Dariusz Baran ynskjer å inkludere drift av Norsk Villakssenter som ein del av Laksen Kafé. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Utvidar driftsansvaret

Alt ligg til rette for at Dariusz Baran og Green Norway utvidar drifta til også å omfatte Norsk Villakssenter. 

Lærdal: Dariusz Baran gjenoppliva Laksen Kafé i byrjinga av sommaren i fjor, og har sidan det halde kafeen open for lærdøler, turistar og andre som nyttar seg av tilboda til Lærdal kulturhus og Norsk Villakssenter.

No er Baran klar for å auke ansvarsområdet, og ser fram mot å lage eit heilskapeleg tilbod for både innbyggarar i Lærdal og turistar.

Forhandlingar

Det pågår for tida forhandlingar mellom Dariusz Baran for Green Norway og Lærdal kommune. 

POSITIV: Rådmann Alf Olsen jr. er positiv til at Dariusz Baran og Green Norway ynskjer å drifte Norsk Villakssenter. Arkiv
POSITIV: Rådmann Alf Olsen jr. er positiv til at Dariusz Baran og Green Norway ynskjer å drifte Norsk Villakssenter. Arkiv

– I dag driftar Green Norway kafeen, men me forhandlar no om å utvide driftansvaret til også å gjelde villakssenteret, fortel rådmann i Lærdal kommune, Alf Olsen jr.

Baran bekreftar forhandlingane, men påpeiker at det no er berre formalitetane som står att. 

Han vil halde fram med å tilby kortreist mat og lokale produsentar, og med Norsk Villakssenter med i drifta, ynskjer han å lage til ulike pakketilbod for besøkande, som til dømes smaksprøvar på laks etter ein omvisning på senteret.

Turisttrafikk

I følge tal frå Musea i Sogn og Fjordane var det samla sett 15 579 besøkande på Norsk Villakssenter og Sogn kunstsenter i 2015.

– Det kan bli betre besøk, seier Baran. 

Derfor ser han på denne utvidinga av driftsansvaret som positivt for Lærdal kulturhus, og har mange idear på korleis å auke merksemda og få fleire besøkande. Dei nye ansvarsområda vil omhandle marknadsføring, billettsystem og omvisningar på Norsk Villakssenter.

Til toppen