ANLEGG: Slik vil det nye anlegget på Byrknesøy kunne sjå ut.
ANLEGG: Slik vil det nye anlegget på Byrknesøy kunne sjå ut. (Illustrasjon: Firda Seafood Group AS)

Utvidar og investerer 150 millionar på Byrknesøy

Firda Seafood Group AS vil etablere blant anna nytt mottaksanlegg og ny filetfabrikk i Gulen. Tiltaka skal også bu verksemda på utviklinga innan bransjen.

Gulen: Det er ved dotterverksemda pakkeriet Martin E. Birknes Eftf AS at Firda Seafood Group AS utvidar aktiviteten. Gjennom investeringane skal føretaket sikre eksisterande arbeidsplassar, i tillegg til at ein reknar med å auke staben med 20 til 30 personar når drifta kjem i gang, skriv konserndirektør for industri og sal, Tore Larsen, i ei pressemelding. 

Firda Seafood Group satsar på å etablere nytt mottaksanlegg, ny filetfabrikk, ny innfrysingslinje og nytt fryselager som ein stor produsent av Fjord Ørret i Noreg. 

Første i Noreg

Mottaksanlegget vil vere for bløgga fisk, som er tømt for blod. Mottakskapasiteten vil vere på 250 tonn og fisken vil verte samla i kjøletankar med ferdig nedkjølt sjøvatn. Ifølgje Larsen er temperaturen i produktet viktig for best mogleg kvalitet og holdbarheit. Satsinga er gjort ut frå at verksemda ser ei dreiing mot at fisken vert bløgga på båtar rett ved anlegga i staden for i slakteria. Dette skal også redusere smitterisiko. 

Larsen understrekar at det er berre bløgginga selskapet reknar med i større grad vil gå føre seg på båt framover. Resten av verdiskapinga skal skje på land på Byrknes. 

– Ein må skilje mellom desse båtane, der ein berre bløggar og så tek fisken til inn til anlegget, og slaktebåtar der heile prosessen går føre seg på båt, seier han til Porten.no. 

Meir bearbeiding

Oppdrettsverksemda trur bransjen i framtida vil gå meir vekk frå å berre vere ein råvareprodusent til at det vert meir bearbeiding av fisken i Noreg. 

Verksemda satsar difor på ein filetfabrikk som i første omgang skal produsere prerigor filet, det vil seie filet frå fisk som vert filetert rett etter sløying. Fabrikken skal ha ein dagleg kapasitet på 50 tonn. 

Larsen seier miljøaspektet med dette vil vere viktig, blant anna ved at ein får frakta meir fiskekjøt ut i kassar når den er ferdig bearbeidd. 

Kapasiteten i innfrysingslinja vert i tillegg auka, og selskapet vil byggje eit nytt fryselager for å bøte på variasjonane i produksjonen etter sesong. Det første byggjetrinnet gjev ein kapasitet på 1500 tonn filet og heilfisk. 

Ønskjer djupvasskai

Mykje av dei fryste produkta vert sende i container på containerskip. Ifølgje Larsen håpar verksemda at den i framtida kan byggje ut ei djupvasskai for å laste varene direkte på båtar. 

– Då sparer me slitasje på til dels dårlege vegar ved å redusere tungtransporten, seier han. 

Håpar på oppstart neste år

Verksemda skriv i pressemeldinga at tomtearealet allereie er ferdig opparbeidd og at byggjerarbeidet kan starte over nyttår dersom alt går etter planen. I så fall kan ein forvente oppstart av dei nye linjene innan utgangen av august 2020. 

– Er alle desse tiltaka godkjende av kommunen? 

– Me kjem til å sende ein rammesøknad til kommunen i løpet av veka. Delar av området er allereie regulert og eg trur me skal få dispensasjonane som krevst. Me skal samarbeide godt med kommunen, seier Larsen. 

Til toppen