Me ynskjer å tilby endå meir viktig journalistikk. Saker som forklarer og går i djupna, portrett av interessante karakterar med spennande historier, og meir. Ut av tala våre, ser me at det òg er dette lesarane ynskjer aller mest.
Denne typen journalistikk krev meir ressursar å lage. Me lyt derfor ta betalt. I dag lanserer me derfor ei plussløysing for dei som ynskjer endå meir godt og variert innhald.

No kan du lese om korleis det er å vera nytilflytta gründer og utfordringane det fører med seg.
Plussløysinga vil òg gjere det mogleg å ta imot endå meir solid journalistikk frå dyktige frilansarar. Og me vil kunne vera oftare tilstades på det som skjer.
Langt ifrå alt vil hamne innunder plussen. Det vil framleis vera debattinnlegg, kommentarar, notisar og nyheiter ope for alle.
Med plussløysinga får me moglegheit til å presentere endå meir kvalitetsjournalistikk.
- Les òg: Sluttord: Sats på dei som vil noko
- Les òg: Ny journalist i Porten.no: – Lettare å intervjua folk i Årdal enn i London
Sikre mediemangfald i dei viktige spørsmåla
Kvifor er det viktig å satsa på djupnejournalistikk? Regionen går gjennom store endringar, og med desse fyl det spørsmål som krev innsikt og svar.

Sogn og Fjordane skal inn i Vestland i lag med Hordaland. Kva innverknad får dette for bygdene inst i Sognefjorden? Kan debatt om sentralisering påverke dei vidaregåande skulane me har i dag?
Balestrand, Leikanger og Sogndal blir til éin ny kommune. Politikarar posisjonerer seg, og ny politikk skal vedtakast.
I 2019 er det kommuneval. Det blir framleis fleire eldre og færre yngre. Retninga til politikarane er avgjerande for utviklinga i bygdene.
Nokre kommunar opplev at folketalet aukar. I andre går det ned. Kvifor er det slik, og kva ringverknader får det? Kva er det som skal til for å rekruttere frå andre stader av landet, eller for å halde på ungdommane som veks opp her?
Og korleis påverkar statsbudsjettet kommunar, innbyggjarar og bedrifter lokalt?
Me skal halde fram med å gå inn i prosessane og presentere innsikt i eit ultralokalt fokus. At me er fleire mediehus som gjer dette, gjer fleire forskjellige inngangar på dei same sakene. Slik får lesaren eit breiare innblikk.
Porten.no har aldri hatt så mange lesarar – størst på mobil
Elles: Mange lurer på korleis det går med Porten.no. Det er snart fire år sidan avisa gjorde heilomvendig og gjekk over på ny plattform - og jobben starta med å bygge Porten.no til det avisa er i dag. Kort fortalt har både lesartal og inntekter stige jamt.
- oftare og oftare blir me besøkt av over 30.000 unike brukarar i veka
- over 60% av desse er på mobil
- 30% av lesarane er under 35 år
I 2016 utvida me til å dekke heile Indre Sogn. Samtidig som lesartalet har heldt fram med å auke i Årdal, har Porten.no fått like mange lesarar i Sogndal. I dag har me kontor både i Sogndal og Årdal. Lesartaleg stig òg i alle andre kommunane i regionen.
Så - me gler oss til utviklinga vidare og til å kunne tilby endå meir, solid og viktig journalistikk.