I GANG: Det har tatt si tid, men no er endeleg anleggsarbeidet starta på den nye gravlunda ved stavkyrkja på Kaupanger.
I GANG: Det har tatt si tid, men no er endeleg anleggsarbeidet starta på den nye gravlunda ved stavkyrkja på Kaupanger. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Utvidinga av Kaupanger gravlund har starta – planlegg samstundes nytt kyrkjelydshus

Stavkyrkja på Kaupanger skal få 251 nye graver, fleire av dei tilpassa andre trusretningar enn den kristne. Samstundes jobbar fellesrådet med planar om eit kyrkjelydshus på det historiske området.

Sogndal: Tysdag starta anleggsmaskinene arbeidet på det som skal bli nye Kaupanger gravlund. Den gamle ved stavkyrkja er i ferd med å bli full.

– Det er ikkje mange gravene igjen, det er vel snakk om to eller tre stykk, seier Einar Skeie, representant for Kaupanger sokneråd i fellesrådet.

Det har vore ein omstendeleg prosess å få gravlundplanane godkjende av riksantikvaren og fylkeskommunen. Årsaka er at ho blir bygt på eit historisk område, rett ved den 900 år gamle stavkyrkja og Kaupanger Hovedgård, som er over 300 år. Begge er freda. 

FREDA: Stavkyrkja på Kaupanger er freda, men fungerer samstundes som ei vanleg kyrkje. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg er glad me no er komne så langt at spaden kan gå i jorda. Det har me venta på, seier Skeie.

Jobbar med planar om kyrkjelydshus

Han seier gravlunda etter planen skal vera ferdig i slutten av april eller tidleg mai, sjølv om oppstarten på arbeidet vart litt forsinka.

– Entreprenøren har store maskiner og seier han har god kapasitet til å gjera jobben. Så me får håpa at dei greier å halda den fristen, men det kan alltid dukka opp uføresette ting, seier Skeie. 

Det er òg planar om å byggje eit kyrkjelydshus ved stavkyrkja, med forsamlingslokale, toalett og bårerom. Her er berre plasseringa bestemt, korleis utforminga blir er enno ikkje klart, men fellesrådet jobbar med saka.

– Stor siger

PÅ PLASS: Anleggsmaskinene er klare for innsats. Målet er ferdigstilling til våren. Foto: Halvor Farsund Storvik

Før jul løyvde kommunen 750.000 kroner til prosjektet.

– Det er noko me har sakna. Eg er tilflyttar sjølv, men det har vore diskutert både ny kyrkje og alt heilt tilbake til 60-talet. Ny kyrkje kan me vel ikkje forventa på ei stund, men at me kan få ei kyrkjestove som er tenleg for kyrkjelyden og folket her, er ein stor siger å få i boks, seier Skeie.

Han seier dei nye planane skal gjennom den same byråkratiske kverna som dei førre, med riksantikvaren, bispedømerådet, fylkeskommunen og kommunen som nokre av etappane på stafetten. Målet er likevel å starta bygginga til hausten.

– Det er dei detaljane me jobbar med no. Men me har fått første bevilgninga frå kommunen, og det betyr at me kan følgja opp planane me har. Me er i siget, seier Skeie.

Til toppen