MILEPÆL: Tor Arne Ness trur at viss alt klaffar kan dei opne det nye vitensenteret ved skulestart 2020
MILEPÆL: Tor Arne Ness trur at viss alt klaffar kan dei opne det nye vitensenteret ved skulestart 2020 (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Utviklinga til vitensenteret har nådd ein ny milepæl

Kaupus AS har no klart å få tak i økonomisk støtte og arbeidet med å få eit vitensenter i Sogn har aldri sett så lovande ut.

Kaupanger: – Dette er ein stor milepæl. No har vi fått inn eigarar og kjem til å stifte selskapet etter nyttår, seier Tor Arne Ness i Kaupus AS

3 millionar kroner

Porten.no omtalte planane om eit vitensenter først – det var i desember, og i mellomtida har mykje skjedd.

Målet med emisjon var på 3 millionar kroner. Det har dei no klart å få tak i.

– Vi har jobba veldig mykje med det finansielle i det siste. Gjennom emisjonen har vi fått god grunnlag for vidare arbeid, både økonomisk og kompetanse for å få det til, seier Ness.

I budsjettinnstillingen til statsbudsjettet for 2018 er det semje om å auke tilskudd til vitensenter med 10 millionar kroner. 

– Vi er akkurat no ikkje i posisjon til å sikre oss desse pengane, men vi håper å bli ein del av det, seier Ness.

Skulestart 2020

Sjølv om mykje har skjedd det siste året, er prosjektet langt frå ferdig.

– Nå framover kjem vi til å stifte bedrift, ha dialog med fylkeskommunen, og så må vi få på plass ein prosjekt leiar som kan jobbe med innholdet. Det er ein del jobb som ligg føre oss, men viss alt klaffar er planen å opne vitensenteret ved skulestart i 2020.

Til toppen