MYKJE VATN: Elvane kan nok stiga godt i Sogn også måndag, men tilstandar som i Nordfjord blir det neppe slik det ser ut av vêrvarselet. Illustrasjonsfoto
MYKJE VATN: Elvane kan nok stiga godt i Sogn også måndag, men tilstandar som i Nordfjord blir det neppe slik det ser ut av vêrvarselet. Illustrasjonsfoto

Uvêr herjar nord i fylket: Kan koma kraftig regn også i Sogn

Store vassmassar har øydelagt vegar og bygningar i Nordfjord. Også i Sogn kan det bli kraftig regn i løpet av måndagen, men truleg i form av kortare torebyger.

Sogn: - Det ser ut som det er i Nordjord det verste uvêret kjem til å vera. Men i heile fylket kan det gå kraftige byger med torden, for det er veldig ustabile luftmassar over oss no, seier statsmeteorlog Halldis Berge til Porten.no.

Søndag sende Meteorologisk institutt og NVE ut OBS-varsel for heile Sogn og Fjordane. Varselet gjekk ut på auka fare for skred og oversymjingar grunna kraftig regn.

Uvêret trefte Nordfjord søndag kveld og mange timar med kraftig regn har ført til at ei rekkje vegar er stengde, mellom andre E39 på Byrkjelo og Fv. 60 Utvikfjellet har vorte stengde grunna flaum. Fv. 615 via Hyen er anbefalt omkøyring for personbilar mellom Førde og Sandane.

Meldt mest regn i Årdal - skal roa seg til kvelden

I tillegg er fleire bygningar heilt eller delvis skadde av vassmassane og verst har det gått ut over Utvik i Stryn kommune, melder NRK.

Det ser ikkje ut til å bli liknande tilstandar i Sogn; trass i at det kan gå kraftige byger, er det i hovudsak snakk om kortvarig heftig regnvêr. Mest regn i indre og midtre deler av Sogn er det meldt i Øvre Årdal med inntil 11 mm fram til klokka 18 i kveld, ifølgje yr.no.

- Så skal det roa seg utover kveld; bygeaktiviteten avtek og bygene blir mindre kraftige. Det kan bli byger også i natt, men av det mindre kraftige slaget, seier Berge.

Til toppen