KOLONNE: Det vart laurdag morgon innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. Vegen er no open for fri ferdsle.
KOLONNE: Det vart laurdag morgon innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. Vegen er no open for fri ferdsle. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Dette er status på vegane

Ikkje lenger kolonnekøyring Hemsedalsfjellet.

Indre Sogn: Uvêret i fjellet gjorde at bilistar tidlegare i dag risikerte å møta kolonnekøyring eller stengde vegar om dei skulle over fjellet.

Utover dagen har vêret derimot betra seg, og no er dei fleste fjellovergangane utanom Vikafjellet opne. Slik var statusen i 17:00-tida laurdag:

  • Hemsedalsfjellet er ope. Tidlegare på dagen var det kolonnekøyring.
  • Filefjellet er ope. Tidlegare på dagen åtvara vegesenet om at det kunne bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
  • Over Aurland-Hol er det ope, etter at det var kolonnekøyring tidlegare på dagen.
  • Årdal-Tyin er ope, etter å ha vore stengt tidlegare på dagen
  • Vikafjellet er framleis stengt. Ny vurdering kjem søndag klokka 14.
Til toppen