STENGT: Sognefjellet vart stengt tysdag morgon. Biletet er teke av eit webkamera like etter klokka 09.00.
STENGT: Sognefjellet vart stengt tysdag morgon. Biletet er teke av eit webkamera like etter klokka 09.00. (Bilde: Webkamera/Statens vegvesen)

Uvêr og vanskeleg køyretilhøve i høgda – Sognefjellet er stengt

Kraftig vind, redusert sikt og vinterføre på vegane gjer at det er vanskelege køyretilhøve over fleire fjellovergangar i Sogn.

Sogn: Skal du ut å køyre i dag kan det vere lurt å følgje med på nettsidene til vegvesenet. Her melder dei om uvêr fleire stader, noko som først og fremst går ut over fjellovergangane.

Førebels er det berre stengt over Sognefjellet, men òg på Hemsedalsfjellet vart vegen stengt i morgontimane på grunn av bilberging.

NRK melder at vintervêret òg har innteke Sogndalsdalen.

– No er det kjempeskummelt. Det er sporete og glatt. Absolutt ingen god idé å køyre med sommardekk på morgonkvisten, seier Frode Henden til statskanalen, då han var på veg mellom Sogndal og Skei tidlegare i dag. 

Slik ser det ut på fjellovergangane i Sogn akkurat no:

  • Fv 55 Sognefjellet vart stengt på grunn av uvêr like før klokka 09.00. Stenginga gjeld inntil vidare.
  • På europaveg 16 over Filefjell er det redusert sikt, snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det minus to grader, frisk bris og snøbyger. 
  • På riksveg 13 over Vikafjellet er det stort sett bart og vått. Klokka 12:20 var det to grader, laber bris og oppholdsvêr.
  • På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det ope for trafikk etter bilberging. I morgontimane var det meldt om redusert sikt, snø- og isdekke.
  • På riksveg 50 Hol-Aurland er det snø- og isdekke. Klokka 05:00 var det minus ein grad, frisk bris og kraftige snøbyger.
  • På fylkesveg 54 mellom Tyin og Årdal er det snødekke. Klokka 07:30 var det minus tre grader, lett bris og kraftige snøbyger.
  • Frå før er Aurlandsfjellet vinterstengt.
Til toppen