UVÊR: E16 Filefjell er framleis open for trafikk. Bilete er frå Varden klokka 10.13. Foto: Statens vegvesen/ webkamera
UVÊR: E16 Filefjell er framleis open for trafikk. Bilete er frå Varden klokka 10.13. Foto: Statens vegvesen/ webkamera

Uvêr over fjellovergangane

Torsdag må du bu deg på kolonnekøyring og stengte fjellovergangar i området. 

Klokka 10 torsdag er både Fv50 Hol - Aurland og Fv53 Tyin - Årdal er stengt på grunn av uvêr. 

Over Rv52 Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring på grunn av uvêr.

E16 Filefjell er open, men Statens vegvesen melder klokka 5.40 om liten kuling, kraftig snø og redusert sikt på austsida.  

Oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens vegvesen får du her. 

Snøskredfaren i Sogn er moderat, på nivå to av fire. Det gjeld både for torsdag og fredag. Snøskredvarselet oppmodar om å vera forsiktig i leheng med fersk fokksnø. 

Vêret i området kan du sjekke på Porten.no

Har du tips? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen