KRAFTIG VIND: Over Rv52 Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Bilete er frå Bjøberg klokka ti måndag morgon. Foto: Statens vegvesen/webkamera
KRAFTIG VIND: Over Rv52 Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Bilete er frå Bjøberg klokka ti måndag morgon. Foto: Statens vegvesen/webkamera

Uvêr over fjellovergangane

Fv53 Årdal - Tyin opna att klokka ni tysdag morgon etter uvêr.  

Over Fv50 Hol - Aurland er det innført kolonnekøyring mellom Geiteryggtunnelen og Øyestøl på grunn av uvêr. 

På Rv52 Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke, sterk kuling og redusert sikt på grunn av snøfokk. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel, melder Statens vegvesen. 

Fv53 Tyin - Årdal har snø og isdekke, vind opp i liten kuling og snøbyger. Vegen vart opna klokka ni tysdag morgon. E16 er også open, men Statens vegvesen melder om vekslande bart og snødekke, med liten kuling og snødekke. 

Oppdaterte trafikkmeldingar finn du på nettsidene til Statens vegvesen

Vêret kan du sjekke på Porten.no

Har du tips? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen