STENGT: Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengt tysdag morgon, men dei andre hovudvegane mellom aust og vest er opne. Illustrasjonsfoto: Sunniva K. Øvstetun.
STENGT: Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengt tysdag morgon, men dei andre hovudvegane mellom aust og vest er opne. Illustrasjonsfoto: Sunniva K. Øvstetun.

Uvêr stenger vegen

Medan på Hemsedalsfjellet er opna etter å ha vore stengt.

Årdal/Lærdal: Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er framleis stengt tysdag morgon på grunn av dårleg vêr. Kraftig snøfall måndag har nok gitt brøytemannskapet sitt å henge fingrane i.

Også riksveg 52 Hemsedalsfjellet var stengt måndag kveld, men er no opna att for fri ferdsel. Her er det -2 grader, frisk bris og lette snøbyger, skriv Vegvesenet.

Tøffe forhold har det vore på E16 Filefjell også, men ikkje nok til å stenge vegen. Forholda er no dei same som på Hemsedalsfjellet.

Elles kan ein ta med at fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt på grunn av ras. Også riksveg 15 Vikafjellet er stengt på grunn av fare for ras. Her vert det gjort ei ny vurdering 13.00.

Til toppen