STENGD: Vikafjellet er stengd grunna uvêr. Det same er Gaularfjellet og Sognefjellet.
STENGD: Vikafjellet er stengd grunna uvêr. Det same er Gaularfjellet og Sognefjellet. (Foto: Webkamera Statens Vegvesen)

Uvêr stengjer fjellovergangar, Vegvesenet: – folk må rekna god tid

Sterk vind råkar fjellet og kysten. Det har resultert i vegstengingar og kolonnekøyring på Vestlandet.

Indre Sogn: Den sterke vinden har ført til dårleg sikt.

Som resultat er fylkesveg 55 over Sognefjellet og Vikafjell stengd. Medan det er kolonnekøyring over fylkesveg 50 strekka Aurland - Hol og Hemsedalsfjellet. Gaularfjellet er stengd grunna snøras. 

– Vêret har blitt litt betre no. Me har nettopp opna for fri ferdsel over Hardangervidda, men det er meldt at det skal blesa opp att. Det kan til dømes bli innført kolonnekøyring att på Hardangervidda, seier trafikkoperatør i Bergen Hanne Norheim til Porten.no. 

Norheim har ei klar oppmoding til folk som skal leggja ut på vegane sundag:

– Folk må sjekka vêrvarsel og trafikkmeldingar før dei legg ut på vegen. Dei må òg belaga seg på at det vil ta tid å koma seg heim i dag. 

Oversikt over fjellovergangar

Fv 55 Sognefjellet: Stengd grunna uvêr. -10 grader og sterk kuling frå sør-aust. 

E16 Filefjell: Ope. Snø- og isdekke på vegen. -8 kuldegrader og lette snøbyger, laber bris frå aust. 

Rv 52 Hemsedal: Klokka 16:30 opna det for fri ferdsel. Likevel melder Statens vegvesen at det kan bli kolonnekøyring på kort varsel. 

Fv 13 Gaularfjellet: Stengd grunna snøras. 

Rv13 Vikafjellet: Stengd grunna uvêr. Statens vegvesen melder at dei forventar å starta med kolonnekøyring klokka 16:00. 

Fv 50 Aurland - Hol: Kolonnekøyring. 

Fv 53 Tyin - Årdal: Ope, men stadvis dårleg sikt. 

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen