STENGT: Fjelloverganen mellom Årdal og Tyin er blant dei som er stengt på grunn av uvêret.
STENGT: Fjelloverganen mellom Årdal og Tyin er blant dei som er stengt på grunn av uvêret. (Statens vegvesen/webkamera)

Uvêr stengjer fleire fjellovergangar

Berre Filefjell er framleis heilt ope, på Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring.

Sogn: Det verste vêret er ikkje venta før i morgon, men allereie no er det bra heftig i høgda. Bilistar som har tenkt seg ut på langtur bør difor følgja ekstra godt med på varslingane framover.

På heimesidene til vegvesenet kan du få oppdatert informasjon om kva vegar som er opne.

 Her er status på eit knippe fjellovergangar i Sogn:

  • På Filefjell er det snø- og isdekke, enkelte stader redusert sikt. Klokka 05:30 var det -2 grader, liten kuling og snøbyger.
  • Fjellovergangen mellom Tyin og Årdal er stengt på grunn av uvêr.
  • På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekjøring på grunn av uvêr.
  • På fjellovergangen mellom Hol og Aurland er det innført kolonnekjøring på grunn av uvêr.
Til toppen