KOLONNE: Fleire fjellovergangar er stengd fredag morgon. Nokre blir ikkje opna att i dag. Foto: Arkiv
KOLONNE: Fleire fjellovergangar er stengd fredag morgon. Nokre blir ikkje opna att i dag. Foto: Arkiv (Foto: Arkiv)

Uvêret held fram: Stengde fjellovergangar

Alle fjellovergangane i i retning Aust-Vest var stengd på grunn av uvêret på fredag. Nokre av dei vart stengd heile dagen.

Vegtrafikksentralen Vest meldte fredag om at fleire fjellovergangar var stengde:

  • Rv 13 Vikafjellet
    Blir ikkje opna i dag
  • Fv 50 Hol-Aurland
    Blir ikkje opna i dag
  • Fv 53 Tyin-Årdal
    Blir ikkje opna i dag
  • E16 Filefjell
    Det vil bli opna for køyretøy på over 7,5 tonn. Vegen kan bli stengd på kort varsel. Køyretøya må bruka kjetting, blir det meld like før klokka 14.00.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet
    Stengt
  • Rv 15 Strynefjellet
    Blir ikkje opna i dag
  • Rv 7 Hardangervidda
    Blir ikkje opna i dag
  • E134 Haukelifjell
    Blir ikkje opna i dag

Vegvesenet held publikum oppdatert fortløpande på Twitter og du kan sjå status på fjellovergangane på Vegvesenet sine heimesider. Fleire av Vegvesenets webkamera er også ute av drift eller dekte med snø.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen