TØFFE FORHOLD: Det er venta tøffe forhold på fjellovergangane tysdag ettermiddag og kveld då det er meldt storm. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Arkiv).
TØFFE FORHOLD: Det er venta tøffe forhold på fjellovergangane tysdag ettermiddag og kveld då det er meldt storm. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Arkiv).

Uvêret stenger vegen til Tyin

Det var meldt kraftig uvêr tysdag ettermiddag og kveld, noko som ikkje uventa fått følgjer for trafikken i fjellet. Både Tyin-Årdal og Hol-Aurland er no stengde.

Indre Sogn: Tysdag vart det sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane. Frå ettermiddagen skulle det blåse opp til storm. Det heile var venta å bli kortvarig, men nok til at det kunne skape problem i trafikken.

Då er spesielt fjellovergangane utsette, og allereie tysdag morgon vart det innført kolonnekøyring på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland. Seinare på dagen vart fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal stengt, før Hol-Aurland òg vart stengt like før klokka ti på kvelden.

Når det gjeld dei andre fjellovergangane mellom aust og vest, går trafikken førebels som normalt.

Norled melde også at hurtigbåten mellom Bergen og Sogn vart kansellert i ettermiddag. Dette gjaldt avgangen 16.30 til Sogndal. Frå onsdag vil dei vere i normal rute att.

Porten.no oppdaterer artikkelen utover dagen med vegmeldingar. 

Slik er stoda på fjellovergangane

E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 12.55 var det -2 grader, frisk bris og lette snøbyger. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.

Rv. 13 Vikafjellet: Innført kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Klokka 12.55 var det -4 grader, frisk bris og lette snøbyger. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.

Fv. 50 Hol-Aurland: Stengt på grunn av uvêr.

Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt på grunn av uvêr. 

Kjelde: Statens vegvesen.

Til toppen