UVÊR: Det er innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet.
UVÊR: Det er innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Uvêret tek seg opp – kolonne over Hemsedalsfjellet

Vind og snø skapar trøbbel for vegfarande.

Indre Sogn: På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêr. På Filefjell kan det same skje på kort varsel, melder vegtrafikksentralen klokka 11:57.

Frå før er Vikafjellet og Aurland-Hol stengt, og fylkesvegen mellom Årdal og Tyin kan bli stengt på kort varsel.

På grunn av rasfare er det óg bestemt at vegen mellom Balestrand og Dragsvik i Sogndal kommune skal vera nattestengt frå 21:00 til 07:00.

Det er venta kraftige vindkast i Sør-Norge måndag, og meteorologane har sendt ut farevarsel. I Vestland fylke kan det lokalt koma vindkast på 27-35 meter i sekundet. Vinden skal minka utover kvelden.

Til toppen