STENGT: Fv 50 over Hol - Aurland er stengt tysdag føremiddag. Biletet er frå Vestredalen i retning Hol. Foto: Statens vegvesen/ webkamera
STENGT: Fv 50 over Hol - Aurland er stengt tysdag føremiddag. Biletet er frå Vestredalen i retning Hol. Foto: Statens vegvesen/ webkamera

Uvêrt i fjellet

Fv 50 Hol - Aurland er stengt på grunn av uvêr.

Statens vegvesen melder om at Fv 50 Hol - Aurland er stengt på grunn av uvêr tysdag føremiddag. Dei kom med ny vurdering klokka 16 og held framleis fjellovergangen stengt.

På Fv 53 Tyin - Årdal er det stort sett bart men vått. Klokka 13.30 var det 6 grader, frisk bris og elles opphaldsvêr. 

På Rv 52 over Hemsedalsfjellet er det stort sett bart, men nokre stader snøslaps og redusert sikt. Klokka 10.30 melder Statens vegvesen om 0 grader, stiv kuling og snøbyger. 

Få oppdaterte vegmeldingar på Statens vegvesen

Minnar også om at E16 over Filefjell er steng på grunn av vegarbeid. 

Les også: Vegarbeid stenger E16 i juni

Til toppen