NY BANKSJEF: Jan Petter Vadheim jobbar i dag i Lærdal Næringsutvikling. I juni tek han til som banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane.
NY BANKSJEF: Jan Petter Vadheim jobbar i dag i Lærdal Næringsutvikling. I juni tek han til som banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane.

Vadheim vert ny banksjef

Jan Petter Vadheim vert ny banksjef for bedriftsmarknaden i indre Sogn, opplyser Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Sogndal: Vadheim tar til i den nye jobben 1. juni i år. Han overtek etter Leif Arne Bakke som pensjonerer seg.

54-åringen har bachelor innanfor økonomi, rekneskap og revisjon. Han er no prosjektleiar i det kommunalt eigde Lærdal Næringsutvikling AS, men er mest kjend for si 25 år lange fartstid i Lerum.

Der hadde han fleire leiarstillingar, og ein periode var han konserndirektør. Han kjenner banken godt ettersom han sat i styret i 14 år, fram til 2015.

Ifølgje banken vil Vadheim få ei sentral rolle i å utvikle banken sin posisjon i dette området og sjå til at næringslivet får levert produkt og tenester som gjer at næringslivet får utvikle seg. Sparebanken Sogn og Fjordane har opparbeidd seg eit godt fotfeste i indre Sogn med hovudbase i Sogndal.

– Med sitt nettverk og kjennskap til næringslivet i Indre Sogn har me stor tru på at Jan Petter vil yte viktige bidrag til å skaffe nytt forretningsvolum og bygge god profil for banken i næring- og samfunnsliv, skriv banken i pressemeldinga.

Til toppen