Sogndal-Lillestrøm: 0-1

Etter seks serierundar ligg Sogndal heilt sist på tabellen, saman med Viking. Mot Lillestrøm greidde heimelaget knapt å få eit einaste skot på mål, utan at kaptein Henrik Furebotn ser grunn til panikk.
– Me ser ikkje på tabellen enno. Det er 24 kampar att, så me har nok av tid å snu det på, seier han etter det skuffande tapet.
Les også: Sjå draumscoringa som sende Sogndal vidare cupen
Sjansefattig i begge endar
Du skulle tru det var to lag som var sultne på poeng. Men ein første omgang utan skot på mål tyda ikkje akkurat på det. Lillestrøm låg lågt i bana, noko som gav heimelaget mykje av spelet, utan at det førte til dei heilt store sjansane.
Heimelaget vart òg prega av at midtstoppar Christophe Psychè måtte gå ut tidleg. Nok eit slag i trynet for eit mannskap som har fått sin dose med skadar på sentrale spelarar i sesongstarten.
– Det er berre å sjå på kven som spelte i fjor og dei som er med no. Det er klart det uroar meg litt når Christophe må ut, og mest sannsynleg blir ute lenge, seier trenar Eirik Bakke.
– Det blir mykje på ein gang og då seier det seg sjølv at det blir tøft. Då er det berre for dei andre å stå opp og det tykkjer eg dei gjer. Steiring stod fram i debuten og var kanskje den beste utpå der for oss. Chidi var god, spesielt i første. Så det lovar i allefall bra.

Brassespark senka Sogndal
Andre omgang starta som den første, men etter ni minutt kom Gilbert Koomson på skothold. Desverre for Sogndal suste ballen like utanfor den høgre vinkelen.
Lillestrøm var stort sett berre farlege på dødballar. Andreomgang var eit drygt kvarter gamal då Mathias Dyngeland vart tvinga til å bokse eit innoverskrudd hjørnespark. Ballen landa hos forsvarsspelar Simen Kind Mikalsen som på vakkert vis brassa ballen oppe i det venstre hjørnet til 1-0.
Etter dette hadde begge laga kvar sine store sjansar. Sogndal heldt fram å kontrollere mykje av banespelet, men framover var det bekmørkt. På slutten vart Fredrik Flo sett inn på topp og laget flytta framover i jakta på eitt poeng. Men Lillestrøm rydda unna det vesle som kom og sikra ein viktig bortesiger.
Tapet gjer at Sogndal ligg heilt på botn med fire poeng saman med Viking etter seks rundar.
– Eg meiner me skulle fått med oss eitt poeng her i dag. No er det å reisa til Haugesund, bretta opp ermane og satsa på poeng. Me har vore i denne situasjonen før. Når du ligg sist er det berre ein veg og det er oppover, seier Bakke.