VEKAS FOTO: Flott himmel langs turløypa i Geila.
VEKAS FOTO: Flott himmel langs turløypa i Geila. (Foto: Wanja Thorsen Ynnesdal)

VEKAS FOTO

Vakker solnedgang over fjorden i Brekke

Vekas foto er teke av Wanja Thorsen Ynnesdal.

Gulen: – På biletet ser du hunden min Falk, og forloveden min Aksel, fortel Ynnesdal. 

Ho er 26 år og kjem frå trivselsbygda Brekke i Gulen. 

– Biletet er teke ved solnedgang i turløypa Geila som går langs fjorden.

Ville ha seter på fyrste rad til solnedgangen

Eigentleg var ho godt plassert i sofaen for kvelden, men då ho såg solnedgangen skunda ho seg ut på tur.

– Det var ildtraudt på himmelen, og den flottaste solnedgang. Me var einige om at den skulle me ha "front row seats" til. 

Ynnesdal er veldig glad i naturen. 

– Eg likar meg godt i skogen og ved vatnet, men eg skal ærleg vedgå at det ikkje gjeld i all slags vêr. Er det uvêr så likar eg meg best undet teppet på sofaen, avsluttar ho. 

Til toppen