SNØ: Snøen hadde lagt seg i dagtidleg, men kjem nok til å smelte utover dagen. Foto: Kaja Nygård
SNØ: Snøen hadde lagt seg i dagtidleg, men kjem nok til å smelte utover dagen. Foto: Kaja Nygård

Vakna opp til snø

Laurdag vakna ein opp til snødekte hagar. Våren viser seg å vere ei varierande årstid. Skal du ferdast i fjellet er det særs viktig å følgje med på statens vegvesen sine oppdateringar.
 

Årdal/Lærdal: Statens vegvesen melder om snø og isdekke på Rv 52 Hemsedalsfjellet, samt snødekke på Fv 53 Tyin-Årdal.

Statens vegvesen fortel, at dei har fått melding om bar veg på Ev 16 Filefjell.

Dei fleste har no lagt om til sommardekk, så statens vegvesen oppmodar folk om å følgje med på deira oppdateringar. Eit tips frå dei kan vere å ha med  seg hurtigkjetting på denne årstida. 

Dei seier vidare at det er variert i fjella på denne årstida og det kan lønne seg å vente med å køyre til utpå dagen. Erfaringsmessig så har oftast snøen i vegbana då smelta.

 

Til toppen