I GANG: Deltakarane tek dei første stega på vegen mot målet, 725 høgdemeter høgare enn vakre Bakka.
I GANG: Deltakarane tek dei første stega på vegen mot målet, 725 høgdemeter høgare enn vakre Bakka. (Bilde: )

Vakre rammer under mot(Bakka)løpet med stor M

At "Rimstigen Opp" er så utruleg bratt som den faktisk er gjer den til noko spesielt for matbakkløpsentusiastane. Og på kvinnesida vart det sett ny løyperekord i 2017-utgåva.

Aurland: - Det er gøy å springa bratt. Eg spring ein del motbakkeløp, men eg spring ikkje så fort, så då er det eigentleg greitt når det er så bratt. Di brattare, di artigare, eigentleg, seier Bjørnulf Vik frå Asker.

Han er klar for 725 høgdemeter fordelt på 2,75 kilometer opp Rimstigen frå Bakka. Og han veit kva han går til.

- Eg har vore med sju gonger, kvart år sidan starten i 2011, fortel han.

- Det er jo mange motbakkeløp, er denne spesielt artig?

- At den er superbratt. Så er det jo veldig fint inni fjorden her. Når ein kjem opp der er det utruleg flott utsikt, seier han og peikar opp mot målet drygt 700 høgdemeter over hovuda på alle som varmar opp til konkurranseklassen skal skytast i gang.

Artikkelen held fram under biletet

MÅLET: Bjørnulf Vik varmar opp med målet på Rimstigen i bakgrunnen, litt innanfor skaret ein ser på biletet
MÅLET: Bjørnulf Vik varmar opp med målet på Rimstigen i bakgrunnen, litt innanfor skaret ein ser på biletet Foto: Ole Ramshus Sælthun

Mål om å slå si eiga dårlegaste tid

At Vik tykkjer det er betre di brattare det er fordi han ikkje spring så fort, må han nesten forklara nærare.

- Slik som Fanaråken Opp må ein springa mange kilometer innover før det byrjar å gå bratt og då må ein vera litt løpar også. Her er det berre ein kilometer inn, og så rett opp. 

- Kva forventingar har du til eiga plassering då?

- Eg veit ikkje, eg har ikkje fått sprunge så mykje i sommar for eg har hatt så vondt i hofta. Berre det å koma opp er jo bra no. Så blir eg jo eldre og eldre og skulle difor bli treigare, så viss eg ikkje kjem sist av mine sju tider er det pers, eigentleg. Så kjem eg opp på mellom 48 og 50 minuttar er det bra. Eg trur eg har pers på 44- eit-eller-anna.

Artikkelen held fram under biletet

DEI YNGSTE: Søskenparet Hanna og Eirik Sørbye frå Røa var dei to yngste i konkurransedelen av Rimstigen Opp og utgjorde 13-14-årsklassa.
DEI YNGSTE: Søskenparet Hanna og Eirik Sørbye frå Røa var dei to yngste i konkurransedelen av Rimstigen Opp og utgjorde 13-14-årsklassa. Foto: Ole Ramshus Sælthun

- Gler meg til å springa. Og å koma i mål.

Ei som har vesentleg større forventingar til seg sjølv er Karoline Holsen Kyte frå Førde. Hennar namn blir nemleg nemnd når Porten.no prøver å få nokre stalltips i startområdet minuttane før konkurranseklassen skal av garde.

- Det er alltid vanskeleg å vita, men eg skal gje det eg har og vera med å kjempa om sigeren, seier ho sjølv om tipset. Det er andre gode løparar og, så det skal springast først.

Ho deltek på Rimstigen Opp for første gong.

- Det ser bratt og fint ut. Sti og bratt er bra.

Holsen Kyte har delteke på eit tosifra tal motbakkeløp før i år og meiner ho skal koma opp på rundt halvtimen.

- Gler eller gruar ein seg no rett før start?

- Litt spent er ein, det gjer jo vondt. Men eg gler meg til å springa. Og å koma i mål.

Artikkelen held fram under biletet

FAVORITT: Karoline Holsen Kyte frå Førde vart vurdert som favoritten i kvinneklassa blant konkurrentane sine.
FAVORITT: Karoline Holsen Kyte frå Førde vart vurdert som favoritten i kvinneklassa blant konkurrentane sine. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Knuste løyperekorden

Etter gjennomført løp kan også løpsleiar og leiar i friidrettsgruppa i Aurland IL, Olav Terum, fortelja at Holsen Kyte verkeleg drog til og vann kvinneklassa suverent på tida 28.40, førti sekundar betre enn løyperekorden for damer frå 2014

- Det var ei kjempetid og det mest imponerande i dag, seier Terum.

LØPSLEIAR: Olav Terum både organiserer og deltek. (Foto:  Ole Ramshus Sælthun)
LØPSLEIAR: Olav Terum både organiserer og deltek. (Foto:  Ole Ramshus Sælthun) Bilde: Ole Ramshus Sælthun

Herreklassa vart vunne av ein svenske, Marcus Millegård.

- Han er orienteringsløpar og vann ganske suverent med 27.02. Det var femti sekundar før andremann, Erling Hisdal frå IL Tjalve. Og Hisdal vann Noregscupen i motbakkeløp i fjor vart nummer to i år.

- Kanskje overraskande at han ikkje vann?

- Ja, han må ha vore seig han orienteringsløparen.

Elles er Terum nøgd med årets utgåve av Rimstigen Opp.

- Me hadde litt større deltakartal enn i fjor og litt mindre enn det har vore på det meste. Arrangementet glei fint og me fekk gode attendemeldingar; at løypa var ryddig og godt skilta. Når folk kjem frå Oslo for å springa så er det viktig.

Om det blir ei åttande utgåve av motbakkeløpet vil han ikkje lova på ståande fot.

- Det er mykje jobb og utfordrande å få nok funksjonærar, i tillegg til ein utfordrande logistikk ute på Bakka, for det er temmeleg trongt. Me får ta ein runde på det utpå hausten, men me håpar jo å få det til att.

Til toppen