UEINIGE: Kommunestyregruppa var delt i to då representantar for det nye styret i Årdal Utvikling skulle veljast. Aleksander Øren Heen (Sp) og opposisjonen ville ha inn Line Moen i staden for Anne Kauppi. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UEINIGE: Kommunestyregruppa var delt i to då representantar for det nye styret i Årdal Utvikling skulle veljast. Aleksander Øren Heen (Sp) og opposisjonen ville ha inn Line Moen i staden for Anne Kauppi. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Val av styre i ÅU delte dei folkevalde

– Det kom som lyn frå klar himmel.

Årdal: Det seier Kurt Jevnaker i Venstre etter valet av nytt styre i Årdal Utvikling (ÅU) torsdag. På førehand hadde valnemnda blitt einige om at Line Moen skulle sitje i styret som representant frå næringslivet. 

Men då det formelt skulle veljast, hadde Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne eit nytt syn i saka og fremja i staden Anne Kauppi, som også er leiar i valnemnda og kjente til planane.

Det var Årdal vidaregåande skule ved rektor Geir Kjetil Øvstetun som foreslo desse to kandidatane då valnemnda bad om innspel – med Kauppi som førsteprioritet. Med knapt fleirtal i kommunestyret, 11 mot 10, vart Kauppi valt inn i styret.

Politikar eller næringslivsrepresentant?

Kauppi har lang fartstid i politikken, sit i kommunestyret som representant for Arbeidarpartiet og er dagleg leiar for Sogn Opplæringskontor. Det var som dagleg leiar og representant for næringslivet Ap og MDG ønskte Kauppi, ikkje som politikar. Den er ikkje opposisjonen med Senterpartiet, Venstre og Høgre med på.

Artikkelen held fram under biletet.

KRITISKE: Knut Arne Klingenberg (H) og Kurt Jevnaker (V) meiner det er problematisk at ein så framtredande politikar som Anne Kauppi skal sitja i styret som representant for næringslivet.
KRITISKE: Knut Arne Klingenberg (H) og Kurt Jevnaker (V) meiner det er problematisk at ein så framtredande politikar som Anne Kauppi skal sitja i styret som representant for næringslivet.

– Dette handlar om tillit mellom oss som politikarar og næringsutviklingsapparatet. At ein no ønskjer Anne, sjølv om det er argument for at ho representerer næringslivet, er å dra det litt langt, kommenterer Jevnaker til Porten.no.

Oppfatta som politikar

Argumentet til Arbeidarpartiet er at Kauppi, som dagleg leiar i Sogn Opplæringskontor, har best kjennskap til den vidaregåande skulen, som stadig er under press frå fylkesnivå, og at Sogn Opplæringskontor har svært mange lokale bedrifter som kundar. Sandra Opheim (MDG) sa frå talarstolen at dette handlar om rekruttering og kompetanse, og at ungdommane skal vera med. 

Opposisjonen, som har gitt klart uttrykk for at dei ønskjer fleire representantar frå næringslivet med i styret og færre politikarar, meiner dette er eit steg i feil retning.

– Når dette kjem ut, trur eg Anne Kauppi blir sett på som politikar. Ho har vore framtredande politikar i Årdal i lang tid og er det framleis, og det oppfattar næringslivet, seier Knut Arne Klingenberg (H), som seinast førre veke tok til orde for ei omstrukturering av Årdal Utvikling. 

Dårleg argumentasjon

Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), som også var med i valnemnda då dette vart bestemt, undrar seg over dette ønsket til opposisjonspartia.

Artikkelen held fram under biletet.

FORUNDRA: Morten Skarsbø, Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og Sandra Opheim (MDG) sat alle i valnemnda. Brandsdal i midten på biletet undrar seg for uttalen til opposisjonen.
FORUNDRA: Morten Skarsbø, Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og Sandra Opheim (MDG) sat alle i valnemnda. Brandsdal i midten på biletet undrar seg for uttalen til opposisjonen.

– Eg undrar meg over at dei då kjem med forslag om Kurt Jevnaker, som er politikar, og Jarle Magne Teigen. Sistnemnde skal representere næringslivet, men stod på lista til Høgre før valet. Då meiner eg den argumentasjonen fell. Då kunne dei ha valt Line i staden for Kurt eller Jarle, seier ho til Porten.no. Teigen er også vara i styret til Årdal Høgre.

Ho peikar også på at då det litt seinare i møtet skulle veljast eit fjellstyre, så var ikkje opposisjonen så oppteken av desse tinga. Då ville dei nemleg ha inn to politikarar, der ein av dei skulle sitja som leiar, medan Arbeidarpartiet ville ha Vidar Moen som leiar og berre ha éin politikar i styret. 

Uheldig

Likevel meiner opposisjonen at dette ikkje er heldig for Årdal Utvikling, som dei meiner allereie har svekt tillit hjå næringslivet frå før. 

– Det har skjedd ting som gir grunnlag for å hevda at tilliten mellom næringslivet og styret i ÅU er svekka. Det trur eg ingen kan vera ueinig i. Me meiner styreleiar burde vera ein representant frå næringslivet. Det er viktig dersom me skal lykkast med å nå våre målsettingar. 

– Eg trur dette blir oppfatta negativt ved at ein køyrer inn endå ein politisk representant, sjølv om dei hevdar det ikkje er det. Eg er sikker på at næringslivet vil oppfatte det slik, seier Jevnaker vidare. 

Politikarane som bestemmer

Men Brandsdal meiner også politikarane må ta sin del av skulda dersom ting ikkje går etter planen på næringsutviklingssida.

– Det er me som politikarar som legg føringar i planane og vedtek måla for ÅU. Då må me heller sjå på oss sjølve. 

Men er de ikkje freista til å heller gå for Line Moen slik at de slepp potensielle klager og negativ merksemd frå næringslivet?

– Ein kan også lytte til kva næringssamskipnaden seier. Dei sa til Porten.no i førre veke at dei har eit godt forhold til ÅU, som er det motsette av det opposisjonen seier. Viss du ser på planen slik han ligg i dag, er det å auka folketalet, sjå på skulestruktur, få ungdomen til å bli i Årdal og auka talet på arbeidsplassar.

– Kunne ikkje Line Moen ha gjort ein like god jobb?

– Jo, og det gjer ho. No er ho inne som vara.

Til toppen